Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marsjordre frå Torbjørn Røe Isaksen

Konkurransetilsynet skal gå gå tettare på daglegvarebransjen. Det er på tide.

Klar melding: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (t.h.) lovar 6-7 nye direktør Lars Sørgard i Konkurransetilsynet 6-7 nye stillingar for å granske matmakta. Foto: Trond Viken / NHS

Er mystikkens slør i ferd med å løfte seg frå daglegvarebransjen? Tja. Bransjen sjølv tykkjer nok at den ikkje er så mystisk. Men no står eit av dei meir ugjenomsiktelege felta for fall.

JM, joint marketing, bonusar, rabattar. Motyting og yting. Innkjøpsvilkår. Ved sidan av avtalene som blir inngått mellom ein leverandør og ei daglegvarekjede, finst det avtaler om kva rabattar og bonusar som skal fylgje med. Altså; eg kjøper 100 stykk av ei vare av deg. Men du sel også same varer til konkurrentane mine. Kva vilkår vil du gje meg, som ikkje konkurrentane mine får? Kva kan du forvente å få attende?

I bransjen har denne typen avtalar vore omkransa av ein viss mystikk. Dei har også stort sett vorte snakka om ein stad der nede i djupet, men sjeldan nådd opp i dagslyset. Det er det - kanskje - slutt på no.

Eit fåtal personar har innsyn i desse avtalane, som er ein viktig del av kva pris som blir sett for ein vare, inn i butikk kanskje i større grad enn ut av butikk. Det er nemleg ikkje gitt at gode innkjøpsvilkår til ei daglegvarekjede gir billigare varer ut til forbrukarane. Det er heller ikkje sikkert at ulike innkjøpsvilkår er i strid med konkurranseloven. Men betre innkjøpsvilkår kan vera med på å styrke ein aktør sin marknadsdel ytterlegare. Eit slik system favoriserer dei store, og straffar dei små.

Oppsummert

Matmakt

1 Dei tre store aktørane Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 har ein marknadsdel på 96,2 prosent.

Dårleg konkurranse

1 Regjeringa vil styrke konkurransen i daglegvarebransjen. To ting peikar seg ut som hinder for nyetablering: Innkjøpsvilkåra i bransjen og eigedomsoppkjøp.

Styrkar tilsynet

3 Konkurransetilsynet får difor tilført, om Stortinget godkjenner det, 6-7 nye årsverk som skal granske daglegvaremarknaden.

Skjønt, det finst knapt små aktørar att mellom daglegvarekjedene. Iceland-kjeda har ikkje nett fått den store oppsvingen i marknaden. Bunnpris, med vel 3,7 prosent marknadsdel, har innkjøpsavtale med Norgesgruppen. Og i tillegg - deprimerande nok - styrkar også lågpriskjedene seg på kostnad av butikkar med mangfald. Paradoksalt nok er forbrukarane med på å styrke kjeder med dårleg utval og få leverandørar, framfor kjeder der du faktisk har ein valfridom i hyllene.

Sidan i haust har Konkurransetilsynet, etter bestilling frå Næringsdepartementet, jobba særskilt med å sjå på innkjøpsvilkåra i daglegvarebransjen. Det er nemleg heva over tvil at konkurransen i daglegvarebransjen er for dårleg, og det er vanskeleg for nye daglegvareaktørar å etablere seg. Konkurransetilsynet har gjerne peikt på tollvern og konsentrasjon på leverandørleddet som årsaksforklaringar. Den nye marsjordren frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen tyder på ei noko meir samansett forklaring.

Annonse

Daglegvarebransjen har vorte diskutert opp og i mente dei siste åra. Det har ikkje mangla på framlegg til tiltak, men heller evne og vilje til gjennomføring både politisk og i Konkurransetilsynet. No får Konkurransetilsynet 6-7 årsverk ekstra som skal brukast på å ettergå og ettersøkje daglegvarebransjen.

"Med denne anbefalingen vil vi at Konkurransetilsynet skal gå dagligvarebransjen enda mer etter i sømmene, og undersøke om dagens lov følges ved å foreta et skikkelig dypdykk seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til E24.

Mykje skjedde i synet på konkurransen i daglegvarebransjen då Høgre vakna opp.

Elefanten i rommet er Norgesgruppen. Som Nationen tidlegare har skrive om er det stor misnøye knytt til kva avtalar Norgesgruppen klarar å forhandle fram. Påstandar om at Norgesgruppen, som mellom anna eig Kiwi, Meny, Joker, Deli Deluca og Kaffebrenneriet, langt betre vilkår har florert sidan Ica takka for seg i Noreg.

Daglegvarekjedene håpar Konkurransetilsynet vil taume dei store store leverandørane med 70-80 prosent markandsdel i sine kategoriar, som Tine og Orkla. Leverandørane håpar kjedene si makt vil tøylast. For leverandørane har det vorte færre kundar å velje mellom. Det gir større usikkerheit, og hardare kamp om å vinne dei store avtalane.

Det som er sikkert er at Isaksen og regjeringa sender ei tydeleg melding til bransjen: De kan ikkje finne på kva som helst. I jakta på å finne handelshindringane skal kvar dør opnast.

Næringsministeren utelukkar derfor ingen tiltak. Lov om god handelsskikk kjem. Etter planen skal lov om god handelsskikk sendast ut på høyring før påske. Lovarbeidet vil gå som planlagt, melder Isaksen. Mykje skjedde i synet på konkurransen i daglegvarebransjen då Høgre vakna opp. Isaksen leiter ikkje berre etter kva som fungerer, men også kva som ikkje fungerer. Er konkurranseloven god nok, medan konkurransen uteblir, må ein sjå på korleis loven blir handheva.

Ballen er dermed sparka over til Konkurransetilsynet. Sjølv om det er nokre år på overtid, er det lov å håpe at me kjem litt nærmare svara på dei sentrale spørsmåla: Kva blir daglegvaremakta brukt til - og kvar blir det av pengane i systemet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det er gull i grønne skoger!