Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marknadsregulering på storfekjøtt

Har me gode nok marknadsanalyser ?

Snart nok? Spådommane om storfekjøtmarknaden bomma. Foto: Bjarne B. Aase

Kan me regulere produksjonen vår godt nok? Er me «på»? Eller har me «detti av lasset»? Lærer me av feila til kvarandre? Eller berre «gønner me på»?

Me som produserer mat, veit at det er ein tidkrevjandeprosess. Det kan ta år frå ein startar produksjonen til ein har eit produkt som er klart for sal. Det er då veldig viktig at me har marknadsordningar og marknadsanalyser som fungerer og er mest mogeleg realistiske, slik at me ikkje endar opp i ein uheldig overskotssituasjon. Det er vanskeleg å gjere raske tilpassingar, i ein produksjon som tar lang tid frå start til mål.

Ser me ut i marknaden i dag, er der ein uhyggeleg trend for oss som driv med produksjon av storfekjøtt og/eller mjølk. Trenden med meir grønt på tallerken ser ut til å slå hardare og vare lengre enn fyrst antatt. Kva då med storfekjøtet me produserer?

I 2013 kom det ein rapport frå ei ekspertgruppe om økt storfekjøttproduksjon i Norge. Der vart det konkludert med at det var underdekning av storfekjøtt med ca. 10.000 tonn – tilsvarande kjøttproduksjon av ca. 35-40 tusen mordyr (etter import). Underdekninga skuldast at det var ein reduksjon i tal mjølkekyr, og at ammekua ikkje kom fort nok etter å tetta gapet. Ekspertgruppa konkluderte med at det var potensiale å auke storfekjøttproduksjonen. For å motvirke nedgangen av mjølkekyr vart det estimert eit behov for mellom 40 og 80.000 nye mordyr i løpet av perioden frå 2013 til 2023.

Annonse

No er me i 2019, og prognosen for storfekjøtt har endra seg frå underdekning på 10.00 tonn i 2013 til 3500 tonn i år. Legg ein til det som hamna på reguleringslager i fjor, 2750 tonn, er ein så godt som i balanse.

Det er kjøttprognosane, kva så med dyretalet? Underskotet av storfekjøtt i 2013 tilsvara kjøttproduksjonen til 35-40 tusen mordyr. I dag har me så å sei marknadsbalanse, og mordyr talet har auka med knappe 6500 dyr! Kva har skjedd med prognosen? Har den vore feil eller er marknaden SÅ uforutsigbar?

Mange har bygd i tida etter 2013 (ca. 550 nye ammeku bruk), noko er i normal produksjon, men mange er nok også på veg opp i produksjon. Dette bekymrar meg som bonde med ammekyr! I ein situasjon der storfekjøtt framleis er storfekjøtt, uavhengig av rase. Der mjølkeproduksjonen må nedjusterast er det ikkje vanskeleg å forstå at mjølkeprodusenten fyller sine tome fjosplassar, med kjøttfe. Er det då plass til oss ammekyrbøndar og produktet vårt? Som har spesialisert oss på kjøttproduksjon, etter ønske frå staten. Som ofte bur i område der slik produksjon nærast er det einaste valet, om me vil drive med husdyr.

Me må lese marknaden på ein betre måte i framtid. Me må ha ein måte å regulere produksjonen på, og me må vere villige til å gjere produksjonsendringar når det trengs. Me må jobbe for god økonomi og marknadsbalanse. Me må ha plass til både mjølkekua og ammekua. Dette må me ha ein klar strategi for å klare!

Me har ingen bønder å miste – men me har ein viktig jobb å gjere!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sauekjøttet bør spises, ikke kastes!