Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Marknadskreftene og småbruka

Det er mange småbruk, små og større småbruk utover landet vårt. Eg kjenner eit særs godt, 100 mål, 15-20 mål dyrka jord.

Byen bestemmer: Kva er fylgjene for distrikta når bustadprisen i byen bestemmer prisen på småbruka, spør innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Byen bestemmer: Kva er fylgjene for distrikta når bustadprisen i byen bestemmer prisen på småbruka, spør innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Dette ga oss maten vi trong i oppveksten, slik det hadde gjort for far og bestefar med familiar.

Vi kjøpte berre brød-/bake-mjøl, sukker og salt og litt til.

Mjølk, kjøtt, poteter, grønsaker hadde vi sjølve til produsentpris.

Mor var heime, det var fulltidsjobb. Far hadde anna arbeid attåt, og dei/vi dreiv den vesle garden på ”fritida”. Vi hjelpte til frå vi var store nok til å delta i arbeidet.

Men så kom dagen då far og mor ikkje lenger kunne driva på, vi hadde alle sju anna arbeid og levde andre liv då.

Eldstemann som tok over, det gjekk nokre få år, drifta vart nedlagd.

Småbruket er ein særs god buplass, passe langt frå trafikkert veg, og ein kilometers egen gardsveg. God utsikt fritt og fint i terrenget.

Men med ein generasjon utan drift, er husa i dåleg forfatning, berre bustadhuset er til nød brukande. Fjøset er revet, låven har snøen trykt ned. Dei andre husa ropar etter vedlikehald og reparasjonar.

All reiskapen er for lengst hjå skraphandlaren.

Skogen er i ferd med å ta att jordene. Alle gjerder er for lengst rotna og nedgrodde.

Det vesle som var av hoggbar skog er hogge.

Annonse

Dette småbruket, som svært mange andre småbruk, er berre ein buplass i dag. Det ligg inga inntekter å hente på ein slik plass. Men for den som vil kan ein produsera sin eigen mat til produsentpris. Ein triveleg måte å nytte fritida på.

Men – så dukkar marknadskreftene opp. Nokon som ynskjer seg eit småbruk og som kan selje eit hus, ei leilegheit i byen, kan betala mange gonger det ein slik plass er verd.

Ein slik plass er berre utgifter og arbeid i mange mange år. Kor lenge held dei ut ?

Det er marknaden som set prisen, ting er verd det ein kan få på marknaden.

Det strir mot alt i meg.

Ting må verdsettast etter andre kriteria. Ein plass som ovanføre nemnt er sjølvsagt ikkje verd nesten noko i pengar. Men ein lyt betala for bustadhuset. Men kva er det verd, eit hus som vert bygd i femtoms tømmer i 1948, og seinare kledd utanpå med papp og panel. Det er bår-vatn, men kloakken er gått ut på dato. Sjølv om eit set rimelege krav så må heile huset renoverast og isolerast. Så kva er råbygget verd ?

Dei andre husa står mest til nedfalls og representerer berre utgifter.

Jordvegen er vanskjøtta. Noko må ein rekne som nybrot mest, mest alt må drenerast på nytt. Ein unngår ikkje her å anten investera i ein gravemaskin, eller leige. Skal ein dyrka noko må ein ha uthus/driftsbygning. Skal ein ha dyr må ein byggja fjøs/stall. Skal ein ha dyr må det gjerder til, det finns ikkje noko att av det gamle.

Skal jorda brukast må ein ha maskinar, i dag ein traktor. Ein kan sjølvsagt satsa på hest, det går bra på ikkje større areal, men reiskap må til. Plog, harv, hyppehakke/plog, vogner, og mange andre ting. Dette kan ein sikkert få billig om ein tek over noko som har ”overvintra” på andre gardar.

Satsar ein på traktor vert det større beløp ein må investera.

Så kva er eigentleg ein slik plass verd?

Kva er det marknaden betalar for?

Og kva er fylgjene for distrikta når bustadprisen i byen bestemmer prisen på småbruka?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Juleribbe med resistens?