Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Manipulatorprogrammet

Vi er mange som har hatt Wahl sine program i vrangstrupen lenge.

Programleder: Andreas Wahl i Folkeopplysningen, her fra Gullruten 2019. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix

Andreas Wahl og hans produksjonsselskap, som leverer Folkeopplysningen-programma til NRK, står no fram og tilstår at dei bruker manipulering som system i sine program. Kringkastingssjefen seier han er klar over det.

Wahl har no fått sterk kritikk for å ha manipulert elevane ved Lillestrøm vgs i fleire månader før skolevalget for få dagar sidan. Dette har han gjort ved å opprette falske arrangement på Facebook, oppretta falske instagramprofilar og sende ut falske nyheter og falskt spesialstoff særleg om eitt parti.

Annonse

Vi er mange som har hatt Wahl sine program i vrangstrupen lenge. Han bruker manipulering som system. Dette er det motsatte av folkeopplysning. Det er derfor rart at NRK – som fram til 1970-talet først og fremst var ein folkeopplysningorganisasjon - har tillatt denne tittelen på programma. Ordet Folkeopplysning har for folk flest fått ein negativ valør etter at Wahl har tatt ordet i bruk som programtittel.

Det er særleg Wahls program om økologisk mat som vart sendt i 2016 som er eit skoleeksempel på manipulasjon. Den sterkaste forsvararen av økologisk mat – Regine Andersen - må i lange tider sitte på ein stol slik at vi heile programmet ser ned på henne. Ho som skal forsvare rein og usprøyta mat sit inne i eit mørkt mursteinslokale med delvis dårleg romlyd og ho blir stadig konfrontert med overraskande gåter som heile tida konkluderer med at økologisk mat ikkje er betre. Fleire svært korte glimt av henne synes her vera klippt inn for tilsynelatande å vise ein dagleg leiar i organisasjonen OIKOS økologisk Norge som er tatt med buksene nede og er ubekvem og utilpass.

Både Audun Korsæth og Arne Grønlund i Nibio, som begge meinte at økologisk ikkje var betre enn konvensjonelt, vart intervjua ute i sol og delvis bugnande åkrar og får god tid på å forklare kvifor dei meiner at økologisk er eit dårleg alternativ. Dei får ingen lurespørsmål å svare på. Vi veit også at Wahl fekk framlagt ein rekke rapportar og forskingsresultat som viser fordelar med økologisk mat og landbruk. Wahl valde likevel å sjå bort frå desse.

Heile det manipulerande programmet skaper eit inntrykk av at Økologisk landbruk er noko tull og noko av det dummaste ein kan satse på og at industrialisering og stordrift i landbruket er noko av det fornuftigaste som har skjedd i verden. Det er derfor befriande at Folkeopplysningen - som framstiller seg sjøl som eit vitenskapsprogram – no blir avslørt for i realiteten å vera eit manipulerande underholdningsprogram.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Mange små revolusjoner