Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Må vi slakte ned elg og hjort?

Lam er den største klimasyndaren i landbruket. Det fortel Nationen etter ein rapport som Illustrert Vitenskap har fortalt om.

Syndebukk: Sotskyene ligg tungt over stordrifta. Men lammet skal bere krossen i Golgata, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Syndebukk: Sotskyene ligg tungt over stordrifta. Men lammet skal bere krossen i Golgata, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Det er altså i levande dyr problemet med oppheting av jorda ligg. Dyr som har metta menneske gjennom alle tider. Etter kvart vart dei tamde. Dyr som har fire magar og difor kan leve og vekse på trevlerike gras og urter, planter som menneske ikkje kan ha nytte eller glede av å setje på bordet, sjølv under stor matnaud.

Om desse syndarane – kjelde til liv og glede gjennom tusenåra – dreg den grøne planeten til undergangen, burde vi kanskje skyte ned for fote både elg og hjort og rein, skapningar med den same fatale konstruksjonen innvortes som lamma?

På 1970-talet var oppfatninga at landbruket brukte 2-3 prosent av energiinnsatsen i samfunnet. No svirrar tala rundt 8-10 prosent, av eit dobbelt så høgt forbruk. Krafta som går med til å drive landbruket i dag er bortimot ti gonger så stor som for 40-50 år sidan, og ein større del av energien er diesel.

I tillegg kjem alt indirekte forbruk, energi til å byggje nye fjøs i betong og å framstille maskiner, reiskapar og kunstgjødsel, transportere varene over store avstandar og gud veit kva. Ikkje mange trefliser i nye driftsbygningar kjem frå bondens eigen skog. Sotskyene ligg tungt over stordrifta. Men lammet skal bere krossen i Golgata.

Dimensjonane i våre bygder er ikkje som på amerikansk prærie. Men måten å drive på er fullindustrialisert også i det meste av norsk landbruk. All innsats utanom jorda er kjøpt frå fabrikkar, mest koldrivne i andre land. Alt landbruket leverer, går til fabrikkar. Energiforbruket veks.

Når nettoen – inntekter minus kostnader – er ein liten del av omsetninga, forsvinn overskotet lett av små tillegg i kostnadene eller litt fall i inntektene. Risikoen for tap aukar med stordrift. Dei som etter teorien skulle tene mest og trenge minst støtte, er dei som no hentar mest pengar frå staten. No ser vi skadane av overdimensjonert teknikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jordbruksoppgjøret 2022 er ingen ny retning