Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lukta av levande landbruk

Den som ikkje toler lukta av kuskit, bør ikkje få ete ost.

Skapar konflikt: Lukta av møkk. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Æ starta på botn; æ starta i fraukjellar’n.

Slik uttrykte gudfar min karrierevegen sin innanfor landbruket med glimt i auget. Gjennom eit langt yrkesaktivt liv dreiv han og gudmor mi ein gard nokre få steinkast frå sentrum i Trondheim og med panoramautsikt over det pulserande livet i byen. I levetida hans gjekk den staselege garden frå å vere husdyrbruk via korn- og jordbærbruk til å bli golfbane. Låven vart lager, fjøsen arkitekt- og legekontor og fraukjellaren festlokale.

I dag ligg garden som ei grøn lunge i eit bustadområde i byen, samtidig som han er eit klart symbol på at det ikkje er noko som heiter status quo innanfor landbruket. Det er godt over eit halvt hundreår sidan det var dyr på garden, men eg har framleis eit svakt minne frå barndommen av kalvar som beita på markene der.

Det er lett å forstå at det blir vanskeleg å drive intensiv husdyrdrift midt mellom bustadområda i ein by. Verre er det når motstanden mot gardsbruk med husdyr veks i dei tjukkaste landbruksområda på bygda. Det gjer han dessverre.

Minnet om gudfar min kom til meg her ein dag da eg sat med ein kollega frå nabokommunen over ein kaffikopp ved bordet i matstova vår. Han fortalde om den sterke motstanden som han og kollegaene i samdrifta deira møter frå naboar når dei no ønskjer å byggje eit mellomlager for husdyrgjødsla. Med eit slikt lager kan dei få redusert køyringa med traktor og gjødselvogner langs vegane, og dei kjem lettare til teigane for å kunne bruke slangespreiar og slik spreie gjødsla meir effektivt, over færre dagar – og ikkje minst: meir miljøvennleg og paradoksalt nok med mindre lukt.

Annonse

Gjødsellageret blir liggjande i eit område der det har vore drive landbruk i generasjonar, området er regulert til landbruksformål, lageret blir lagt inn i terrenget slik at det ikkje blir ruvande. Men så er det altså spreidde bustader og fritidsbustader her, slik det gjerne er i landbruksområda i fjorddalane på Vestlandet. Her er det ein gong i tida delt frå små tomter til søsken og andre med tilknyting til gardane.

Tilknytinga blir svakare med nye generasjonar og forsvinn heilt med eigedomsoverdragingar. Manglande forståing for landbruket og behova landbruket har, gir grobotn for konfliktar. Og det er nok med éin kranglefant for å skjerpe slike konfliktar og ta motet frå bøndene.

Hadde dette vore ei eineståande sak, ville det ikkje ha vore noko å skrive om. Den sørgjelege sanninga er at dette er ein gjengangar landet rundt. Mang ein bonde og mang ei samdrift har måtta stridd med naboar som slett ikkje vil ha nye fjøs i nærleiken, sjølv om landbruket var der lenge før bustadene var påtenkte.

Det er forresten ikkje berre fjøslukt som skaper konfliktar: Naboar klagar over bønder som køyrer med reiskapane gjennom lange dagar for å hauste avlingane slik at dei kan komme vêrgudane i forkjøpet; naboar klager over bier; dei klagar over sauebjøller – og ikkje minst: Dei klagar over lukta av fjøs. Ost vil dei ete, men å bli minte om kvar osten kjem frå, blir openbert for mykje av det gode. Eller som ein granne som driv med gris, sa til ein campingturist i godt hald og vel så det som klaga over lukta av grisemøkk: «Liker du ikkje lukta? Men det ser no ut som du er glad i bacon.»

Det er mange år sidan det var husdyr her på garden. Men ingen her har gløymt kva husdyrgjødsla gir oss, og eg frydar meg dei to dagane i våronna når eg får køyre kumøkk frå samdrifta lenger framme i dalen, og når naboen køyrer ut grisegjødsla frå fjøsen sin. Eg veit at dette legg grunnlaget for frisk vokster og gode avlingar og held jorda i hevd.

Smaken av den søte jordbæra, dei friske grønsakene, dei «skikkelege» potetene (som kundane våre seier for å framheve motsetninga til dei «uskikkelege» som kjem frå middelhavsområdet) starta med lukta av naturgjødsel.

Lukta av husdyr er eit gode vi på bygda skal prise oss lykkelege for, ikkje klage over. Det er lukta av levande, livskraftig landbruk og god agronomi. Slik sett er fraukjellaren ein god stad å starte yrkeskarrieren for ein bonde.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Robuste dyr er best for dyr og bonde