Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lukkeleg som liten?

No er det gjort, eg tok sjansen – det er for seint å snu. Bygget reiser seg der nede på jordet, og fortel både Gud og kvarmann at no har Plassegubben mist siste rest av vit og gangsyn.

Eller har han det?

"Time vill sjåvv", som det heiter i Flåklypa. Eg byggjer iallfall ikkje mot betre vitande etter snart fire år med planleggjing, diskusjon og prysjur (kvalar)! Prosjekt nytt fjos har vori skrinlagt meir enn ei gong, så kvifor vart skrinet opna att?

Det har vori ein lang og til tider tung prosess. Ikkje minst fordi tanken på meir gjeld var svært lite tiltalande. Men tanken på å leggje ned heile drifta var verre, for det var nedleggjing som var alternativet.

Takka vere gode konsulentar og djevelens advokatar, som ofte hev vori dei same, ser det ut til at me held fram som mjølkeprodusentar på Plassen, garden vår i Vinje i Telemark. Og merkeleg nok, så aukar optimismen i takt med at bygget stig fram.

Så kva er det som gjer at me satsar minst 4 millionar kroner på eit fjos som kan hyse 18 mjølkekyr, på ein gard med 64 mål dyrka jord? Ikkje rart om folk lurar på om eg er heilt rett navla.

I 2005 flutte eg heim og overtok garden etter foreldra mine. Dei satsa 1 million kroner i 1990 og bygde det som vart kalla Nord-Europas minste lausdriftfjos. Det hadde plass til 10 kyr og 13 prosent påsett. Mjølkekvoten var på 50 tonn. Eit mellomstort bruk i Vinje på den tid. Og eit bruk med tru på framtida. I dag er fjoset lite, sjølv i Vinje.

Det er summen av inntektsgjevande arbeid som avgjer om det løner seg eller ikkje.

Og framtidstrua, den har jammen komi attende, sjølv om det såg myrkt ut då me i mars 2016 hadde Mattilsynet på besøk, som gav pålegg om betre oppstalling. Tanken på mellombelse løysingar med uteganging og talle som konsekvens, var det som skulle til for å vedgå at no måtte me anten byggje ut, eller avvikle. Prosessen skaut fart.

Annonse

Eg fekk hakeslepp av fyrste teikninga! Den baserte seg på økonomiske kalkylar over kor mykje som måtte til for å få ei grei inntekt – av garden åleine. Eg måtte telje båsplassar, og kom til godt over 30 – på ein gard med 64 mål dyrka mark! Fôret skulle kjøpast, og kvar lorten skulle spreiast var det ingen som sa noko om. Altså, den fyrst knekken, og eit langt steg mot nedleggjing.

Det skulle altså bli eit heiltidsbruk, og det slo meg at eg ikkje hadde vori tydeleg over for rådgjevarane om kva eg ynskte. Eg treng nemleg ikkje ha heile inntekta frå garden. Her på bruket har brukaren alltid sysla med noko attåt. Det er summen av inntektsgjevande arbeid som avgjer om det løner seg eller ikkje.

Eg har ikkje som mål å leva av garden åleine. Nei, målet er at gardsdrifta går i pluss, og at den er eit supplement til anna inntekt. Slik som små bruk alltid har vori her til lands. Og slik som landet vårt er laga, vil eg påstå at det må vera slik på mange bruk, dersom landet skal utnytte alle sine landbruksressursar.

Driftsplanen min er lagt med tanke på å gå i pluss – ikkje på å gje ei rimeleg årsinntekt.

Eg ynskjer altså å vera liten, men slik som me byggjer no, er 64 mål for lite. Då er det fint at eg har grannar som rår over mykje god eng, og som ikkje ser noko poeng i å vera veldig store, men som heller ynskjer å hava grannegardar i drift. Eg leiger jord av grannen, har maskinsamarbeid og nyt elles godt av hjelpande grannehender om det trengst. Eg vil tru at dersom grannane ikkje hadde sett nytta i dette, så hadde eg heller ikkje fått leige jorda deira.

Driftsplanen min er lagt med tanke på å gå i pluss – ikkje på å gje ei rimeleg årsinntekt. Eg byggjer ikkje ut for å bli heiltidsbonde, men for å halde garden i drift. Det er også eit poeng for meg at dersom ein disponerer ein gard, må ein strekkje seg langt for å oppretthalde drifta, og gjerne utvikle garden og forbetre både jordveg og bygningar, slik me har ein lang tradisjon for her til lands.

Eg ynskjer at den vesle garden vår framleis skal vera ein stad der ein har to hovudprodukt: god mat og ein god heim. Ein stad der ein får utnytta alle ressursar, både dei menneskelege og dei jordlege.

Då må ein finne seg i å ha fleire jobbar, og stelle seg slik at fjosstellet vert enklast mogleg for både folk og fe. Dermed kan det vera økonomisk forsvarleg å investere i mjølkerobot og praktisk oppstalling, fordi ei enklare drift frigjev tid til anna arbeid. Ein må heller ikkje gløyme at ei lita utbyggjing krev mindre pengar enn ei stor.

Det er altså ikkje nødvendig å tenkje stort – ein kan kanskje vera lukkeleg som liten?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uten såkorn, ingen avling