Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK

Partileiardebattane gir ikkje det fulle biletet av NRK si valdekking.

Vi kjenner oss ikkje igjen i skildringa av at vi ikkje slepp til talent, skriv Aksel Helgheim. Foto: NRK

I eit innlegg i Nationen 19. august, etterlyser Knut Aastad Bråten meir plass til lokalpolitikken i media – deriblant NRK. Ei tilråding til Bråten er å bruke fleire av NRK sine tilbod i valet 2019.

Ser ein utelukkande på partileiardebattar får ein ikkje det fulle biletet av NRK si dekking av kommune og fylkestingsvalet 2019. Partileiardebatten er ein tradisjon som opnar og avsluttar valkampen i NRK. Vi vidarefører tradisjonen i 2019-drakt med eit grep der publikum kan vere med på å avgjere kva duellar politikarane kan utfordre kvarandre med.

Hadde desse to debattane vore det einaste NRK gjorde i valet så hadde dette sjølvsagt vore eit problem. Men vi legg opp til ei rik dekking av valet på alle plattformer lokalt og nasjonalt.

Annonse

I mange regionar har vi sending og artiklar frå kvar einaste kommune, ofte i samarbeid med lokale mediehus. Ut frå desse leitar vi etter historier som alle kan kjenne seg igjen ifrå heile landet. Desse løftar vi opp til nasjonal publisering.

Vi kjenner oss ikkje igjen i skildringa av at vi ikkje slepp til talent. På det fyrste folkemøtet på NRK 1, som vart sendt frå Studenthuset Driv i Tromsø, samarbeidde NRK med Debutuka. NRK Troms har gjennom digitale historier og radio no i valdekkinga løfta fram historier om unge som har engasjert seg. På folkemøtet samla NRK over 300 unge.

Formann i Troms og Finnmark FpU, Martine Tenneholm, var ein av desse, og helsa til NRK etterpå: «Tusen takk!! Det var utrolig gøy å få prøve seg, så takk til dere for å gi meg en sjanse! Det var et kjempeflott arrangement vi ønsker flere av».

Dette vil vi halde fram med i heile valkampen rundt omkring i heile landet. Det gjer vi for å løfte fram ekte samtale mellom publikum og politikarar og stimulere folkestyret i Noreg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norsk natur blir offer for blå-blå politikk