Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Livsviktige vener på bygda

Bygde-Noreg overlever ikkje på busettingsprogram og vill natur åleine, men på venskap og sterke band mellom dei som bur der.

Vener er som lymfesystema i liva våre og berebjelken i den sosiale kvardagen. Slik som hjartevenen, skriv Knut Aastad Bråten. Foto: Solveig Vikene/ NTB scanpix

For eit par år sidan fekk eg ein ny ven. Ein eg kan dele så å seie alt med. Som eg kan vere fortruleg med. Ein sjeldan fugl. Ein sjeleven.

Vi ser ikkje kvarandre kvar dag. Men strengen mellom oss har vore utslagsgivande for at eg framleis bur på bygda.

Dei fleste norske kommunar arbeider – eller har arbeidd – med busetting og tilflytting. Ein studie (2013) på oppdrag av Distriktssenteret viser at over 80 prosent av alle distriktskommunar har arbeidd med tilflytting. I Vang i Valdres heiter det Innovangsjon, i Nord-Gudbrandsdalen 200 ledige hus, for å nemne to.

På nettsida til gudbrandsdølen blinkar bodskapen imot meg: «Kom til oss». Med utropsteikn. Her er vakre naturbilete. Lovnader om jobb og bustad. Suksessen blir målt etter enkle kriterium. Tilflytting. Men ikkje alle som kjem, blir. Står ikkje bygdelivet til forventingane, finn vi ein annan plass å bu. Å slå seg ned i bygda er ingen garanti for noko som helst.

«Vi kan ikkje halde på alle. Å trivast er som ei forelsking. Nokre gonger blir vi det, andre gonger ikkje», seier Hanne Alstrup Velure (Høgre) på eit kommunestyremøte i Lesja tidlegare i år. Temaet er tilflytting, og fleire på møtet undrar seg over kvifor ikkje dei som kjem, blir.

«Ingen ynskjer å bli på ein stad om ein ikkje har vener der», seier filosof Helge Svare, og eg tek kontakt. Sjølv har han skrive fleire bøker og vitskaplege artiklar om venskap.

Dette veit vi. Vener er som lymfesystema i liva våre og berebjelken i den sosiale kvardagen. Slik som hjartevenen. Eg veit sant å seie ikkje korleis eg skulle klare meg her, utan nære vener.

«Eg har sju nære vener», sa kjærasten min i eit avisintervju for fleire år sidan. Han fekk ein storm av e-postar og meldingar frå fjern og nær.

Overflatiske vener har du flust av. Eg talde 3000 av dei på Facebook. Eit hav av vener gjev status og sjølvtillit, og motsett: Det er tabu å vere einsam, endå meir å seie at ein er det. Venskap blir likevel ikkje målt i kilo og mengde, men i slitestyrken i dei venskapa du har. Éin sjeleven er nok.

Mytane fortel oss at det er krevjande å etablere nære venskap på bygda, i motsetnad til i byen – der det er så mykje av alt, og av alle.

Annonse

Behovet for vener er universelt, men kva det skal vere, varierer, fortel filosof Helge. I botnen dreier det seg om å vere opne og fortrulege med kvarandre, at vi kan skimte ein felles horisont. Det kan by på utfordringar, ikkje minst i miljø og kulturar med liten tradisjon for nettopp personlege og nære samtale. Til dømes i landbruket.

Difor ringer eg gardbrukaren med spørsmål om kvardag og venskap. «Ofte spinn samtalane med andre bønder om det same – om maskinparken, dyra eller avløysaren.» Vi veit at gode venskap er viktig for livskvaliteten. I artikkelen «Ensomme bønder. Myte eller virkelighet» (2000), skriven av mellom andre Hilde Bjørkhaug, les eg at fleire bønder kjenner seg einsame. «Blant de mest ensomme er mangel på venner den viktigste årsaken.» Og i ei undersøking i regi av Ruralis i 2018 for Mental Helse Ungdom kjem det fram at to av ti unge bønder kjenner seg einsame.

«I arbeidskvardagen min finst nesten ingen som eg kan tru meg til», held bondevenen fram. Sjeldan blir det snakka om gode bøker, om lokalpolitikk eller reiser til fjerne land. Aller minst om personlege eller psykiske utfordringar.

Mytane fortel oss at det er krevjande å etablere nære venskap på bygda, i motsetnad til i byen – der det er så mykje av alt, og av alle.

Eg veit ikkje korleis det er i byane, men eg veit korleis det er i Valdres. Det finst etablerte og fastgrodde nettverk som er vanskelege å trengje igjennom. Bygda har eit sett med kodar, strukturar og system. Etablerte nettverk er eksklusive og ekskluderande på same tid.

Folketalsnedgangen på bygdene er ikkje utslag av politikken åleine, men av kulturar, verdiar og haldningar hjå dei som bur der.

Tek du med deg fleire på flyttelasset, stiller du sterkare. Mykje sosial aktivitet dreier seg om ungar. Dei er viktige sosialiseringsverktøy, for dei som kjem, og for dei som har budd i bygda i mange år. I tillegg til andre møteplassar som jobben, songlaget eller velforeininga. På babytreffet på Frivilligsentralen, og saman med andre mødrer, finn Ingrid (35) veninner på eigen alder, les eg i lokalavisa.

I Vang i Valdres har dei organiserte møteplassar for nye og gamle vangsgjeldingar. Treffpunkta fungerer som ein døropnar, fortel Helge, men er likevel ingen garanti for noko som helst.

Kanskje skal eg ta eit større ansvar for dei som kjem til bygda, invitere dei heim. Eg veit ikkje. Det er hardt arbeid å bygge vennskap. Venskap oppstår – fordi ein vil.

La oss bygge opp om dei uformelle sosiale institusjonane. Den ubodne gjesten. Dei som før stakk innom – når det passa dei sjølve. Ein halvtime ved kjøkenbordet. Kaffi og smultring. Sidan ha det, og att med døra.

Folketalsnedgangen på bygdene er ikkje utslag av politikken åleine, men av kulturar, verdiar og haldningar hjå dei som bur der. Venskap og nære relasjonar er avgjerande for at folk skal bli verande. Vi pliktar å gi dei som kjem, ein sjanse til å bli.

«Eg har byrja å prate med folk i badstova. Kall meg ei prateskrulle, men det fører mykje bra med seg», skriv ei Facebook-veninne til meg. Bygda treng sosiale forstyrringar – dei som rykker oss ut av kvardagen, og som er med på å opne opp for nye møte, for nye venskap.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke glem eldregenerasjonen ved valget