Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Livet som griserøktar

Etter eg såg fjernsynsreportasjen «griseindustrien» har eg tenkt og gjera meg nokon tankar, men det måtte gå noko tid før eg sette noko på papiret.

Når eg starta som bonde, og far og eg skulle kastrera gris, var det noko av det me grua mest for, skriv spaltisten. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Når eg starta som bonde, og far og eg skulle kastrera gris, var det noko av det me grua mest for, skriv spaltisten. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Eg starta som bonde i 1981 og slutta med gris i 2015 delvis på grunn av noko hjarteproblem i 2015 som til slutt enda med ny hjarteklaff frå gris i 2017. Då kan ein sei at ringen er slutta.

Det er litt av ei utvikling som har skjedd på desse åra. På slutten av 80 talet vart det føreteke ei innstramming (effektivisering) som førte til ei dobling av purker for og ha eit årsverk i purke kombinert med framfôring av smågris til slakt. Slutten av 90-talet kom det nye reglar for hald av gris som førde til store ombyggjingar (kostnadar) når desse skulle innførast. Det vart slutt på fiksering og binding av purker, antall slaktegris målt mot størrelse på bingar vart lovfesta, brannvarslingsannlegg vart lovpålagt.

Dette er eit utval av saker som førte til at mange av dei små grisebesetningane vart skvisa ut. Etter 2000-talet heva styresmaktene også maksimalgrensa for antall slaktegris mot eit samla jordbruk sin tilråding. Dette førde til overproduksjon og prisfall som grisenæringa har opplevd fleire gonger, også sjølvforskyldt. Det meste av effektivitetsframgangen har kome forbrukaren til gode, og bonden må ha fleire dyr og større kapital til rådigheit. Dei er ikkje mange yrkesgrupper som har hatt ein større effektivitetsframgang enn bondeyrket i ein 25 års periode. Men framleis er godtgjering for jobben på halvparten av andre yrker.

Eg kan ikkje forsvara fleire av dei holdningane me vart viste i programmet.

Når eg starta som bonde, og far og eg skulle kastrera gris, var det noko av det me grua mest for. Jobben vart alltid utsett. Eg haldt grisen og far skar med nytt barberblad, det var ein skikkeleg sur jobb, med griser på oppmot 10 kg som sparka i mot med eit sværande leven.

Eg gjekk på kurs for å læra og kastrera gris som var 2-3 dagar gamle, dette hadde ikkje far fått med seg. Når han då såg at det var griser som var på størrelse til kastrering begynte han å mase om kastrering. Når han hadde drive på i eit par dagar skulle me gå på jobben. Far gjekk oppi garden og skulle sortera ut galtane (hanngrisene). Eg måtte fortelja at kastreringa var utført for lenge sia. Det var ein særdeles nøgd far som kom ut av grisebingen då han skjøna kva som var gjort.

Men me fekk ikkje fortsetja med eigen kastering. På 2000-talet vart det lovpålagt med veterinær kastrering, bedøvelse og smertelindring og eit nytt leven i grishuset når jobben skulle gjerast. Den tida med eigenkastrering av smågriser dei første dagane var ein roleg jobb i grishuset, og den best betalte jobben eg nokon gong har hatt.

Før ombyggjing bruka eg å flytte griser mellom etasjer, då måtte dei gå låvebrua, opp var greitt, ned var av og til utfordrane. Ei gong var det ei purke som me fekk ut låvedøra, men som ikkje skulle lenger. Dette var midt på dagen, og far meinte ho berre fekk stå der til ho gjekk ned sjølv. Den gang ei, etter kveldstellet sto purka på same plass og det ende med trollstigopplegg og møtelem sidesvis ned låvebrua.

Det skal godt gjerast og behalda ro under ulike episoder. Sjølvsagt kjem det ein eller annan innom slike gonger, som då ei purke som kom på avveg og smaug seg under traktoren der ho tok oljefilter på hydraulikken og olja flaut på låvegulvet. Då sto plutselig naboen i låvedøra. Han fekk høyra diverse framandord som han likar og fortelje i fleire høve.

Eg kan ikkje forsvara fleire av dei holdningane me vart viste i programmet, samstundes trur eg ikkje me kan koma med mange nye forbod/reglar som vil endre på det me såg. Næringa sjølv må ta ansvar og fullføra det arbeidet som allereie er i gang med fokus på hald av gris. Dette er eit varsko for næringa som den enkelte bonde må taka med stor vyrnad, då omdømmet står på spel.

Som ein digresjon kan ein spørje om samfunnet er på rett veg angånde stell av gris og mennesker. Bading av eldre i vatn som mest skoldar dei, eldre som ikkje får tilsyn slik at dei får nok næring, i det heile eit samfunn som er så fokusert på effektivitet at det går ut over livskvalitet. Eg finn også grunn til å spørje om me likar dette stoppeklokkesystemet me har utvikla? Det er kanskje på sin plass med eit utdrag frå diktaren Arne Garborg sin skrivelse om pengar.

"Pengar har ikkje noko verd i seg sjølve. Du kan ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje kle deg med dei. Du kunne ha lomma full av pengar, og svelta, tysta, frysa i hel - om det ikkje var mat og drikke og klede og få.

Annonse

Pengar er langt ifrå det største godet, ikkje det nest største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitugt. For pengar kan ein få alt, heiter det. - Nei ein kan ikkje det.

Ein kan kjøpa seg mat,

men ikkje mathug;

dropar, men ikkje helse;

mjuke senger men ikkje svevn;

lærdom, men ikkje vit;

stas, men ikkje venleik;

glans, men ikkje hyggje;

moro, men ikkje glede;

kameratar, men ikkje venskap;

tenarar, men ikkje truskap;

gråe hår, men ikkje ære;

rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje til sals for pengar."

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Matprodusentens tidsalder