Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lite gjennomtenkt boikott av TV-aksjonen 2020

Aksjonen har ikkje noko å gjere med bjørn og ulv og jerv og gaupe.

Plast i havet: Enorme mengder plast i havet får konskvensar for dyrelivet. Her har ein torsk svelgd ei avskore 1,5 liters plastflaske. Foto: Bjørn Ingvaldsen / NTB scanpix
Plast i havet: Enorme mengder plast i havet får konskvensar for dyrelivet. Her har ein torsk svelgd ei avskore 1,5 liters plastflaske. Foto: Bjørn Ingvaldsen / NTB scanpix

Ved planar om å boikotte neste års TV-aksjon fordi WWF har fått tildelt denne, viser bønder og jegerar, Senterparti-medlemer og fiskarar sitt likegyldige syn på det store miljøproblemet som plastforureining inneber.

Aksjonen har ikkje noko å gjere med bjørn og ulv og jerv og gaupe, men med den heilt nødvendige innsatsen som trengst for å få bukt med den stadig aukande forureining og andre negative konsekvensar som plastavfall skaper.

Annonse

Dette forplantar seg på ein øydeleggjande måte over i det som nettopp bønder, jegerar og fiskarar er avhengige av, nemleg det biologiske mangfaldet, som er alle plante- og dyreartar, og naturmangfaldet som mellom anna er jord og vatn.

Det er dette WWF bed om støtte til å ta ansvaret for, noko spesielt dei grupper som vil boikotte denne innsatsen burde slutte seg til i staden for å ri kjepphestar for sine eigne avgrensa særinteresser og ut frå eit dårleg markeringsbehov.

Gjennom slike standpunkt øydelegg dei også for TV-aksjonens gode renommé og grunnleggjande føremål med ein folkeleg dugnad nettopp på denne dagen.

Mest oppsiktsvekkande er det at eit politisk parti stiller seg i dette hylekoret. Boikotten kan kome til å verke mot sin hensikt ved at mange reagerer negativt ved å støtte ekstra godt opp om TV-aksjonen

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Karbonfangst for dummies