Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Likestilling handlar om likeverd

Vi må tore å gjera det som kjennest rett for oss, både kvinner og menn. Fyrst da er vi jamstelte.

Leikar med traktor: Foto: NataliaL /Mostphotos

Kvar er kvinnene i landbruket? Det spør Hilde Lysengen Havro seg om i Nationen på kvinnedagen.

Her er ei av dei, men ikkje på papiret. Sjølv om mannen min og eg kjøpte eit småbruk og står som eigarar båe to, er det han som er registrert gjennom enkeltmannsføretaket. Han dreiv som sjølvstendig næringsdrivande før vi vart småbrukarar, no går heile verksemda på same organisasjonsnummer.

Men med det blir ikkje eg, med min innsats i landbruket, med på ein einaste statistikk. Så det er som Havro skriv, det er måten eigarskap blir registrert på som er feil!

Men når ein er på møte som har med landbruk å gjere, stiller eg meg ofte spørsmålet kor kvinnfolka er? Der er vi i stort mindretal. Er det likestillingskampen som har noko av skulda?

Annonse

Det har vore ei tid der kvinnene som arbeidde heime, ikkje har vore særleg høgt «akta». Ut i arbeid, har vore oppskrifta, ellers er du både underkua og ressurssvak. Pensjonspoeng framfor tid med ungane, som også skal ut i samfunnet før dei korkje er modne for det eller har trong til det.

Så blir det også på denne kvinnedagen, hevda at gutane blir oppdregne og sosialisert inn i landbruket i større grad enn jentene. Medan ungane våre var små, hadde vi ikkje gard. Jentene kom fyrst, og den fyrste fekk tråtraktor. Den eine jenta var ikkje spesielt interssert i dokker, men ho andre var meir ei dokkejente og så var ho også svært glad i kosedyr. Guten kom sist. Han brukte dokkene til å køyre med. Dei fyrste orda han sa var «stor traktor».

Så kjøpte vi småbruk, og den som i alle fall aldri kan tenkje seg å bli gardbrukar, er guten. Eldste jenta er meir enn gjennomsnittleg interessert i landbruk, og den andre i dyr. Båe har teke landbruksutdanning, medan guten er utdanna laftar.

Som foreldre vil ein sjølvsagt påverke ungane ved at ein uttrykkjer glede over det ein driv med, men eg trur ikkje mange i dag bevisst seier at ungane skal bli det eine eller det andre. Vi har fridom til å velja, og vi er alle født med ulike evner.

For meg handlar likestilling om likeverd. Eg vil aldri bli ein mann, og det var eg som fødde ungane og amma dei. Med sistemann kom kontantstøtta, og eg kunne vera heime med han. Noko som kjendest heilt rett for oss alle.

Men sjølvsagt er eg ein økonomisk tapar pga. mine valg. Difor meiner eg at i ei periode medan ungane er små, skulle inntekta til foreldra vore slege i saman, så hadde båe hatt like rettar. Og kvar familie kunne gjort sine valg utifrå sine standpunkt.

Vi må tore å gjera det som kjennest rett for oss, både kvinner og menn. Fyrst da er vi jamstelte.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

KrF gjer ein skilnad!