Det er mogeleg å løyse utfordringa innan fristen, dersom politikarane verkeleg vil prioritere dette.
Driftsinntekta vil alltid vere det viktigaste for bonden. Det er ikkje hjelp i investeringstilskot dersom driftsinntekta ikkje er til stades, slik er det i alle produksjonar.
Difor er det avgjerande at jordbruksoppgjeret leverer på auka inntekt slik at vi tettar gapet i inntekt mot andre grupper. Norsk matproduksjon er avgjerande for at vi skal ha mat på bordet også i morgon, og berre gjennom ein spreidd matproduksjon der vi tek heile landet i bruk, vil det vere mogeleg å heve norsk sjølvforsyning.
Vi meiner det mogeleg å innfri både på inntekt og investeringspakke i 2021. Nibio har rekna seg fram til at kostnaden ved å bygge om eksisterande båsfjøs til lausdrift blir mellom 18-23 milliardar kroner. Om staten bidreg med 30-50 prosent tilskot vil det vere behov for 7-12 milliardar i investeringstilskot dei neste 14 åra for å få gjort jobben. I dag brukar vi kring 250 millionar i Investerings og bedriftsutviklingsmidlar (IBU-midlar) på mjølk i året.
Det vil med andre ord vere behov for omlag 250-500 millionar ekstra kvart år dei neste 14 åra, for at avtalepartane skal legge til rette for at bonden skal ha ein reell mogelegheit for å innfri kravet. Samanliknar vi med vegbygging gir same summen samfunnet 3-9 km ny veg, av «gul midtstripe standard».
Det fantastiske med IBU-midlar er at bonden legg til private kroner. I dag legg bonden til 3-7 private kroner for kvar einaste krone staten legg på bordet i IBU-midlar. Innovasjon Norge tinga ein rapport frå Menon Economics i 2016. IBU-midlane var då på 419 millionar kroner. Dette gav investeringar for 2,675 milliardar, sysselsetting lokalt og nasjonalt for privat næringsliv, både for hovudleverandørar og underleverandørar.
I følgje rapporten gav investeringane og styrka aktivitet i næringslivet, auka skatteinntekter til det offentlege på 360 mill. kroner. Det betyr at i 2016 fekk staten tilbake ca. 85 prosent av alle pengane dei løyvde til IBU. Det skulle då vere rimeleg for Staten å levere på ein investeringspakke, brorparten av pengane får dei igjen i løpet av eit par år!
Ein må også løyse korleis den ekstra satsinga på investering blir «inntektsført» i jordbruksoppgjeret. Utfordringane kring lausdriftskravet er ekstraordinære for Norsk landbruk og må leggast til i jordbruksoppgjer og/eller statsbudsjett, utan at det blir lagt til inntekta til bonden. Slik systemet er i dag vil ei store løyvingar til investeringar, gi eit løft i inntekta til bonden. Mens alle veit at vi dessverre går betydeleg ned i inntekt etter ei investering.
Det er fult mogeleg å innfri lausdriftskravet om politikarane vil. Dersom dei ikkje vil, er det politikarane som skal utsette kravet til lausdrift, ikkje vi bøndene.