Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Langreist mat

I det grøne skiftet lyt ein i dag vera noko på v (vegetarianar, veganar) for å redde verda. Vi andre på v (vanlege folk) blir sett på som dumme og dessutan et vi kjøtt.

Variert: Mor mi lærde meg
Variert: Mor mi lærde meg

Dette blir vi fortalt av moderne fyrtårn som skal leie oss i rett retning – bloggarar og influensarar. Desse er gode på media og ikkje så gode på mykje anna. Sagt på hoppsport-språket – tjue i stil og null i innhald. Sentralt i diskusjonen er kva transport gjer med CO2-utsleppet i verda, altså om maten er stuttreist eller langreist.

Eg var på butikken her om dagen og kjøpte frukt og grønsaker. Samstundes tok eg meg tid til å sjå på kor denne maten blir produsert og kor langt den er frakta. Frå Spania får vi agurk, brokkoli, blomkål, paprika, isbergsalat, appelsin. Frå Nederland får vi champignon og tomatar. Frå Portugal får vi kinakål. Frå Italia får vi ruccolasalat, kiwi, kikerter og eple. Frå Peru får vi mango. Frå Ecuador får vi bananar. Frå Sør-Afrika får vi plommer og druer. Frå Norge får vi lauk, poteter og gulrot.

Ein titt i kjøkkenskapet heime syner at frå USA får vi mandlar, peanøtter, valnøtter og bønner. Frå Tyrkia får vi hasselnøtter og frå Thailand får vi ananas.

Det er også viktig at norske bønder held liv i bygdene våre, at dei prøver å halde oppe ein dalande sjølvbergingsprosent og at dei nyttar lokale beiteressursar.

Beiteressursar
Annonse

Denne statusrapporten for februar viser at det meste av nøtter, frukt og grønsaker er svært langreist mat. Den som er veganar/vegetarianar i februar et for det meste langreist mat og gir på denne måten eit stort miljøavtrykk til transport. Dersom ein er veganar/vegetarianar i juli et ein nok meir frukt og grønsaker som er norske og har litt betre samvett når det gjeld klimaavtrykk.

Vi andre vanlege som brukar kjøtt i vårt daglege kosthald, får dette levert stuttreist og lokalt – svinekjøtt til dømes produsert i Skjåk og sau/storfe til dømes produsert i Vågå. På denne måten set vi eit mykje mindre miljøavtrykk enn vegankarane og vegetarianarane på transport. Sjølv om vi er dumme har vi iallfall fått med oss at kjøttkvaliteten i Norge er noko av det beste du kan få tak i.

I tillegg kan vi skryte av at produsentane er blant dei i verda som bruker minst antibiotika. Det er også viktig at norske bønder held liv i bygdene våre, at dei prøver å halde oppe ein dalande sjølvbergingsprosent og at dei nyttar lokale beiteressursar. Dette har ikkje bloggarar og influensarar fått med seg.

Mor mi lærde meg at det er viktig å eta variert mat der fisk og kjøtt høyrer heime i kosthaldet. Dette støttar ernæringsekspertane også, men dei blir dessverre ikkje lytta til i denne hysteriske vrimmelen i det grøne skiftet.

Eg vel framleis å tru på barnelærdommen min og eg gir ein honnør til våre norske matprodusentar – vi andre på v (vanlege folk) har godt samvett i det grøne skiftet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Om liten beredskap og fulle kjøleskap