Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruk, klima og matvaresikkerheit

Det er matvaresikkerheit som må liggja i botnen når ein skal planleggja landbruk og klima for framtida.

Norsk landbruk: Rein og god matproduksjon. Foto: Mariann Tvete

På 1950 talet hadde me eitt beredskapslager på eitt års forbruk av matkorn her i landet. Dette må gradvis byggjast oppatt. For å skriva om eitt bibelvers: «Kva hjelper det å redda heile verda for så og svelta ihel?» I den neste krig er det mat som blir det viktigaste våpenet, var det ein som sa for nokre år sidan.

Det kan ikkje seiast ofte nok, Norge har noko av den beste og reinaste matvareproduksjonen i heile verda. Her kan matvarekjedene gjera ein skikkeleg innsats for framtidig matvaresikkerheit. Med å opplysa forbrukarane om verdien som ligg i det, å selja og bruka norske matvarer. Forbrukarane må nok lærast opp til å tenkja på framtida og ikkje berre leva i nået. Kjedene må ikkje berre tenkja på profitt, og «lura» kundane med billeg importert mat av usikker kvalitet. Det er kjedar som har fått forseg at produksjonsformer og dyre velferd er noko dei har god greie på (egg frå frittgåande høner). Nå er visst Nortura byrja å tenkja i same banar etter det eg forstår. Eg vil rå til at dei ikkje tenkjer kortsiktig, men at dei tek meir omsyn til eigarane og til dyrevelferd i strategiane sine.

Annonse

Venstre sitt syn på pelsdyrnæringa har fått alt for mykje å seia i kampen mot pelsdyr. Kva er vitsen med å forby pelsdyr i Norge, når den produksjonen vert ført vidare andre stader i verda, kor dei har dårlegare dyre velferd enn me har. Me har sett på TV at ikkje alt har vore bra i næringa, dette kan lukast bort med uanmelde kontrollar. Pelsdyrnæringa er med å nytta ut naturresursane, ved å bruka slakteavfall som hovudingrediensen til pelsdyrfôr. Når Venstre vil erstatta pelsdyrnæringa med cannabisdyrking går det klart fram kva partiet meiner om bondestanden, og næringa i Norge.

Min definisjon av ein politikar er: Ein person som ikkje er ansvarleg for sine meiningar og handlingar. Hadde dei teke ein konsekvens analyse av meiningar og påfunna sine ville mykje av livskvaliteten til folk flest vore atskillig betre.

Nå det gjeld klima: Det er klart landbruket vil og ta sin del av tiltaka som må til for å betra klimaet. Men dette må ikkje gå utover matvareberedskapen. Eller å påleggja næringa CO2-avgifter, eller andre miljøavgifter. Bondeorganisasjonane er innstilt på og ta sin del av ansvaret her.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fjær, egg og hanekylling til påske