Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lammekjøt, labkjøt og matmakt

Somme meiner at det er frankensteik – kunstig framstilt kjøt – som skal berge kloden frå klimakrise og ressursundergang. Det er ein farleg veg å gå.

Soylent Green: Bilete frå filmen "Soylent Green" der folk som gjer opprør blir skuffa vekk av politiet. Foto: MGM / Kobal /REX NTB scanpix
Soylent Green: Bilete frå filmen "Soylent Green" der folk som gjer opprør blir skuffa vekk av politiet. Foto: MGM / Kobal /REX NTB scanpix

Vi hadde akkurat avslutta eit herleg og nokså typisk måltid i heimen vår: Rikeleg med poteter (frå eiga avling), godt med lekre grønsaker (frå eiga avling), mens ein tredel av retten på tallerkenen var kjøt. Denne gongen hadde vi kjøpt lammekjøt frå gode vener på sørsida av fjorden: gammalnorsk spælsau som har trippa rundt og meska seg i verdsarvnaturen gjennom sommaren.

Vi konkluderte som vi ofte gjer når vi lagar rettar av sauekjøt: «Noko som er så godt som dette, bør vi ete oftare.»

Eg trur ikkje det er mogleg å finne meir smakfullt kjøt enn kjøtet frå sauer som har beita på urter og gras i den norske fjellheimen. Skamlaust priste vi vårt eige kortreiste – og næringsrike – måltid, og med enda mindre skam saug eg i meg mergen frå beinrestane som låg på tallerkenen mens eg sukka i rein smakslykke.

Dagen etter hadde Aftenposten ein artikkel om framstilling av labkjøt – eit utviklingsarbeid som endatil Nortura støttar. Artikkelen fekk måltidet dagen før til å stå fram nærast som ei nattverd for det norske – og særleg det vestnorske – landbruket.

Science fiction-filmen Soylent Green er ein dyster framtidsvisjon utan håp – ein dystopi – frå 1973 som har mat som sjølve hovudtemaet. Handlinga er lagd til 2022, kloden lir under overbefolkning, forureining og global oppvarming. Det er stor matmangel, og konsernet Soylent Industries kontrollerer matforsyninga til store befolkningsmassar: Dei kunstig framstilte matbrikkene «Soylent Red», «Soylent Yellow» og det enda meir næringsrike og smakfulle «Soylent Green» blir selde til skyhøge prisar. Namnet «soylent» er ei samanstilling av soya og det engelske ordet for linser, lentils.

I det penge- og kapitalstyrte samfunnet vi lever i, vil eigarskap til produksjonsprosessar maksimerer profitten.
Annonse

«Soylent Green» er etter seiande framstilt av plankton hausta frå havet, men det er mangel på råstoff, hevdar konsernet, og følgjeleg er det også stadig mangel på «Soylent Green», noko som fører til kraftige opptøyar som blir brutalt slått ned av politiet.

Plottet er ei form for kriminalgåte der etterforskaren Frank Thorn saman med venen Sol Roth (som er så gammal at han hugsar verda frå den gongen det fanst husdyr og ekte mat) begynner å grave etter kvar råstoffet til «Soylent Green» faktisk skriv seg frå. Det viser seg at den kunstig framstilte maten utgjer ei samla løysing på både matkrise og overbefolkning.

GrowPro heiter labkjøtprosjektet Nortura støttar. Det er forskingsselskapet Nofima som driv det, og banda til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er sterke. Eg reknar derfor med at dei har både norske bønder og det berekraftige norske landbruket i bakhovudet når dei jaktar på ein prosess som skal kunne gi forbrukarane kunstig kjøt – eller ei skikkeleg frankensteik – på tallerkenen. Viss forbrukarane vil ha det, da.

Det er naturlegvis ingen grunn til å mistenke Nortura for å ha eit framtidssamfunn som det vi kan sjå i filmen Soylent Green i tankane når bondesamvirket engasjerer seg i å utvikle labkjøt. Nortura-direktøren for forsking, utvikling og nyskaping, Per Berg, hevdar at dette handlar om at «vi må se mulighetene til å skape fremtidig vekst».

Som ledd i kunnskapsinnhenting kan det kanskje vere klokt. Som framtidsstrategi for husdyrbøndene og det norske landbruket er det direkte undergravande. Og for forbrukarane kan det føre til at enda færre selskap får enda større makt over produksjonsprosessane og sterkare hand om matforsyninga.

Slik sett er det er lett å gjennomskode grunnane til at internasjonal kapital satsar stort på å investere i forsking på labframstilling av kjøt og mat. I det penge- og kapitalstyrte samfunnet vi lever i, vil eigarskap til produksjonsprosessar maksimerer profitten. Eksklusiv kunnskap om å produsere mat gir ei enorm, nesten grenselaus, makt.

I eit matdemokratisk perspektiv, der eigarskapen til matproduksjonen er spreidd som i det norske landbruket, og der kunnskapen om matproduksjonen er open og lett tilgjengeleg, også som i det norske landbruket, må vi slåst for at frankensteika berre blir eit kuriøst innslag i kosthaldet.

Framtidskosthaldet må vere bygd på berekraftig utnytting av naturressursane – slik verdsarvsauene til dei gode venene våre sør om fjorden i meir enn éin forstand er gode eksempel på. I dette perspektivet har også filmen Soylent Green framleis ein sterk bodskap.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ap kan stoppe ulvekonflikten