Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lagnadstid – på tide med ei samlingsregjering?

Verda er inne i ei lagnadstid. Noreg er inne i ei lagnadstid.

Bør gå i samlingsregjering: Ap-leder Jonas Gahr Støre, her med statsminister Erna Solberg. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Eg tenkjer på kampen som går føre med å stansa klimaendringa, ein kamp som nyttar midlar som tvillaust vil øydeleggja natur i gigantiske proporsjonar. Kva denne naturøydelegginga vil ha å seia for menneskeslekta er det ingen som veit.

Klima og natur er kanskje to sider av same pengestykke; kva vi enn gjer kan vi koma i skade for å øydelegga livsvilkåra for all framtid for store delar av menneskeslekta.

Skal ein lukkast med å hindra at livsvilkåra våre vert øydelagt, vil det krevja kløkt frå mange aktørar i denne kampen. Ikkje minst må politikarane utøva klokskap, vega argument og tiltak på skålvekt, vera smålåtne for eigen partipolitikk og la land og folk sitt ve og vel stå i brennpunktet for all handling.

Annonse

Det er kanskje på tide å danna ei samlingsregjering i Noreg som kan utøva statsmannskunst.

Det er vorte sagt at når lagnadstimen er der, vil redninga bli gjort av annan persontype enn den alminnelege politikar.

Ei statskvinne eller statsmann med fire kvalitetar, som alle må vera oppfylte, trer fram. Desse fire kvalitetane er at vedkommande har prinsipp som står grunnstøtt utan vakling, har eit framifrå moralsk kompass, har ein visjon og evne til å skapa oppslutnad om visjonen sin. Eg har høyrt at dette gjeld òg for dei som ikkje trur på orda over.

Kan vi vona på at denne personen, som finst der ute, kjem fram og sameinar dei gode kreftene til eit største felles mål med handling som vil ha age i etterslekta?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Behov for 800 færre vindmøller med energieffektivisering av bygg