Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La oss slå av lysa!

Endeleg har forskarane kome på sporet av ein av dei viktigaste årsakene til insektdød.

Mykje lys: Vi bør slå av gatelys og reklameskilt. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
Mykje lys: Vi bør slå av gatelys og reklameskilt. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Det er alle lysa vi har på om natta. Somme har snakka om lysforureining, men utan å bli høyrde. No er det klart at det ikkje var tøv. Insekta døyr på grunn av nattlysa.

Insekta treng vi for å få mat. Pollinering er vilkår for frø og frukt som vi lever av. Den syter insekta for, men no minkar dei i dramatisk omfang. Det trugar livsvilkåra for oss menneske på ein heller dramatisk måte.

Annonse

Samstundes er eitt av dei største problema vi står andsynes at vi brenner for mykje av dei fossile energiberarane som ligg gøymde i jordskorpa. Her kan vi då vera med på å løyse to av dei største problema vi menneska står andsynes – ganske enkelt ved å slå av lyset. Slå av gatelysa. Slå av reklameskilta, slå av …, slå av. Kanskje vi jamvel bør avgrense biltrafikk om natta?

Ved å slå av alt som lyser ute, bremsar vi også kraftig på forbruket av energi, og dimed av energiberarar. Plutseleg får elbilen ny meining. Han kan kanalisere energi frå gatelyse mot transport, slik at vi bremsar utsleppet av CO2.

Det er så enkelt at vi bør då setje i gang straks! Ingen grunn til å nøle!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Villsvin – en trussel mot svinehelsa