Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La oss diskutera prinsipielt om meierimarknaden

Det er Tine sin praksis som må kompenserast for, for å få til konkurranse på like vilkår.

Hadde Tine handtert alle sine eigarar rettferdig så slapp vi å ha kompensasjon med kapitalgodtgjerdsle i prisutjamningsordninga, skriv Aksel Mjøs, styreleiar i Kavlifondet som eig Q-Meieriene. Foto: Privat
Hadde Tine handtert alle sine eigarar rettferdig så slapp vi å ha kompensasjon med kapitalgodtgjerdsle i prisutjamningsordninga, skriv Aksel Mjøs, styreleiar i Kavlifondet som eig Q-Meieriene. Foto: Privat

Styreleiar Marit Haugen i Tine svarar i Nationen 19.3.20 på mitt innlegg same stad 18.3.20. Det er heilt greitt at ein har ulike syn, inkludert om Tine kunne ha vore drive betre, men eg er skuffa når fokus i forsvaret vert på beløp og ikkje prinsipp.

Les innlegget til Haugen her:

Les Mjøs sitt fyrste innlegg her:

Annonse

Meierimarknaden har gått frå monopol til å ha noko konkurranse. I alle marknader med leverandørar og anlegg spreidd over heile landet vil den tidlegare monopolisten sjølvsagt ha breiare dekning enn utfordraren. Det er vanskeleg å sjå at utfordraren her, Q-Meieriene, skal kritiserast for dette, særleg når Tine dessutan får nær ein halv milliard kroner i støtte for å dekka kostnaden med å henta mjølk i heile landet.

Det som likevel uroar meg mest i Haugen sitt innlegg er fokuset på «gratis penger» og beløp i «etableringstilskudd», heller enn at det nettopp er eigarhandteringa til Tine som er grunnen til mesteparten av desse overføringane. Det er Tine sin praksis som må kompenserast for, for å få til konkurranse på like vilkår. I ein marknad med bortimot monopolisert råvareleveranse så må alle meieri kunna motta mjølk til same pris. Sidan Tine ikkje let dei som sluttar å levera mjølk til dei få ut verdien av sin eigardel, og må dette kompenserast på anna vis. Med andre ord, hadde Tine handtert alle sine eigarar rettferdig så slapp vi å ha kompensasjon med kapitalgodtgjerdsle i prisutjamningsordninga.

Difor er mitt spørsmål tilbake til Haugen, når er Tine klar for å leggja om handteringa av sine eigarar, også dei som går ut? I praksis har jo det same beløpet som er betalt ut i kapitalgodtgjerdsle vorte halde tilbake i Tine og delt ut på deira eigne bønder. Slik sett har dei bøndene som leverer til Q-Meieriene subsidiert dei som leverer til Tine. Rettferdig handtering av alle eigarar i Tine, også dei som ikkje lengre leverer mjølk, hadde vore det beste. Det er likevel vanskeleg å sjå at dagens kompenserande ordning gjer at Tine-bøndene kjem dårleg ut.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Pelsdyrbøndene må sikres erstatning