Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvote til nedlegging eller drift?

Mjølkeproduksjonen må ned. Ein sjølvpiskande handelspolitikk gjer at vi nektar oss sjølv og eksportere mjølkeprodukt.

Foto: Siri Juell Rasmussen

Samstundes som vi går med på avtalar som førar til stadig meir import av utanlandske mjølkeprodukt.

Heile nedskaleringa kunne vore unngått om vi vakta vår eigen marknad og laga eit regelverk som tetta smotthol for import av halvfabrikkerte produkt. Vel – nok om unnfallande handelspolitikk og husmannsande, vi får vel dei politikarane vi har fortent.

For tida balar vi med ei landbrukspolitisk nøtt: Mjølkeproduksjonen må ned, og vi må redusere utan å ramme urettvist. Vi kleier oss i hovudet og undrast om vi skal ofre dei små som ikkje har anna å leve av, eller dei store som har satsa på framtidstru og dyktig produksjon, men som er så forgjelda at dei ikkje toler nokon prosent endring i inntektsgrunnlaget.

Bankane står på sitt og fortel økonomikyndige politikarar at kvoten er ein del av det faste inntektsgrunnlaget på garden, så det blir eit erstatningspliktig ran å inndra. Bøndene som vil driva vidare og produsere mat til det norske samfunn får ver så god betale ut sjølv om dei vil sleppe problemet andre har sett dei i.

Det hadde ikkje behøvd å vera slik. Sjølvsagt må vi ha eit styringsverkty for å unngå overproduksjon, prisras og konkursar. Men det kunne vore innretta annleis. Og det var innretta annleis. Fram til Sponheim og den førre høgreregjeringa oppretta mjølkebørsen i 2003.

Annonse

Slik det er i dag vert ein premiert for å slutte å produsere mat: Da sit ein med eit verdipapir som ein kan selje dyrt til ein som ønsker å jobbe og stå på og produsere samfunnsgode. Eller ein kan leige ut kvoten og mjølke pengar ut av landbruksnæringa til evig tid. Utan å korkje ha ku eller traktor på tunet sjølv.

Eit system som raust premierer den som ikkje gidd meir, og som hardt straffar den stakar som ønsker å gjera ein samfunnsnyttig innsats. Eit ekstra investeringskrav i ei næring som allereie står til haka i gjeld og som har så lågt overskot at ein ikkje kan vente å eige sitt eige tun sjølv ved pensjonsalder.

Kvotane skulle vert styrt av ein jordbruksfagleg etat hjå staten eller fylkesmannen (kvoteregionane følger jo stort sett fylkesgrensene). Mjølkekvote er ikkje ein økonomisk verdi nedarva gjennom generasjonar av kultur. Det skulle vore slik at den som kasta inn handkleet og gav opp drifta, han måtte levere inn kvoten vederlagsfritt til staten, som jo innførte kvoten i utgangspunktet. Så gjekk kvoten inn i ein bank av ledig kvote som nye drivarar kunne søke på.

Unge, engasjerte bønder med arbeidslyst og tru på framtida kunne søke. Ein søknad basert på kunnskap, fôr- og beiteressursar på garden, og økonomiske vurderingar om passeleg driftsomfang. Så kunne fylkesmannen innvilge søknad og tildele ledig kvote til dei som trengde det. Gratis. Ein kvote bonden hadde fram til han eller ho sjølv nådde alderen der det er på tide å flytte i kårbustaden.

For å ivareta slektstradisjonar og bygdeengasjement kunne det vera slik at den som leverte kvote kunne levere med klausul om at eigne ungar eller namngitte aktverdige naboar hadde fortrinnsrett på kvoten, men dette måtte sjølvsagt berre gjelde dersom fortrinnsretten vart utløyst innom rimeleg tid (så ikkje kvotane vart passive).

Det geniale med eit slikt system er to ting: For det første blir kvoten gratis for den aktive brukar. For det andre kan staten lett slette eller legge til kvote i trå med kva rommet i marknaden er. Da hadde ikkje dagens problem vert noko problem.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bonden Willi som ble Kjemi-Willi