Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven trur vi at vi er?

Ei ung jente er på leit etter far sin. Heile livet har ho levd i trua om at ein annan var faren. No er alt snudd på hovudet.

Slektsforskning: Kvar og ein av forfedra er som byggeklossar som på kvar sine måtar formar ein heilskap. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

Eit TV-program skal hjelpe jenta med å finne den rette. Det går som det må gå: Dei finn kvarandre. Alle græt. Håpløysa er snudd til lukke.

Forteljinga over er oppspinn frå ende til annan, men kunne vore teken ut av ein populær TV-serie. Aldri tidlegare har tema som identitet og tilhøyr – og menneske på jakt etter røtene sine – hatt større appell hos oss.

Er det noko i tida?

Debatt om retten vi har til å vite om opphavet ved assistert befrukting, kjem med rykk og napp. Debatten er krevjande, mildt sagt, og polarisert mellom dei som ynskjer liberalisering av praksis, og dei som meiner det motsette.

Regjeringa ynskjer no ei endring av bioteknologilova. Av totalt 23 endringsforslag har eg merka meg to. Mellom anna ynskjer dei å gjere det pliktig for foreldre å informere barnet om det biologiske opphavet, dersom det har kome til gjennom assistert befrukting. Fleirtalet vil òg setje ned aldersgrensa for når ein har rett til å vite sæddonorens identitet – frå 18 til 15 år.

Det skulle berre mangle.

Sidan ungdomsskulen har eg vore oppteken av forfedrane mine. I ledige stunder har eg kasta meg over kyrkjebøker og ættesoge. Kva kan forfedrane fortelje meg om livet mitt i dag?

Slekt og geit er det verste eg veit, seier ein ven. Ikkje alle har det som eg. Geita kan vere irriterande. Det same kan slekta, held venen fram.

Han om det.

Motivet for å vite varierer. Interesse for slektshistorie er ikkje jamt fordelt. Er det eit overskotsfenomen for dei med tid? Eller for dei som ynskjer å skine i glansen av ei gåverik ætt? For nokre dreier engasjementet for forfedrane seg om å slå hol på ei fornekta historie, slik det har vore for samar, reisande eller ungar fødde utanfor ekteskapet. Nokre er adopterte. For nokre av dei er gjenforeining noko som måtte skje. For andre att vart gjensynet ein katastrofe.

Annonse

Ikkje alle ynskjer å rote opp i ei ukjend fortid. Det finst grunnar til ikkje å vilje vite. Fattigdom og rusmisbruk. Arven er tung å bere. Kvifor gi forfedrane større merksemd enn vi må?

Sjølv vil eg gjerne vite. I rekkene bakover finst ingen embetsfolk eller storingar. Dei er småbrukarar, husmenn, arbeidarar. Stovene dei budde i, var småe. Bruka låg bratt til. Korleis klarte dei seg? Var dei lukkelege? Eg les kyrkjebøkene med den same spenninga som ein kva som helst slags roman.

Slekt og tilhøyr er viktig – særleg for den som sjølv ikkje har nokon etter seg. Og difor klamrar eg meg til forfedrane. Kvar og ein av dei er som byggeklossar som på kvar sine måtar formar ein heilskap.

Slektsforsking er kartlegging av namn og årstal, men òg innblikk i enkeltskjebnar og lokalsamfunn, kulturhistorie og sosialhistorie. Mellom linene les eg om fattigdom og rikdom. Velstandsauke og klassereise. Flaks og uflaks. Som til dømes Johanne Marie frå ein husmannsplass ikkje langt frå der eg bur. I 1905 drog ho til Amerika. Kva tenkte ho då ho vinka farvel til mor si for siste gong – vel vitande om at ho aldri ville sjå henne att? Kva forventningar hadde ho til den nye verda? Eit einsleg namn er mat for fantasien.

Eit nake namn seier ikkje så mykje i seg sjølv, men er eit spor på vegen for den som vil leite vidare. Og difor likar eg å snakke med eldre menneske. Nokre gonger får eg svar, men ikkje alltid. «Hugsar ikkje», svara mormor mi konsekvent på spørsmål om besteforeldra og forfedrane. Det overraska meg kvar gong. Var det noko ho ville skjule?

Forfedrane opptek oss med ulik styrke gjennom livet. Interessa veks proporsjonalt med åra, merkar eg, og slår til med full styrke når dei levande leksikona forsvinn ut av rekkene.

Slektsgransking er ope og tilgjengeleg for alle. På digitalarkivet.no finst eldre dokument og diplom frå mellomalderen, folketeljingar og manntal, tinglysingar og skiftemateriale – og kyrkjebøker. Dei eldste kyrkjebøkene er frå byrjinga av 1600-talet, men dei fleste bevarte kyrkjebøkene er frå 1700-talet, les eg. I dag er 2.600.000 skanna kyrkjeboksider tilgjengelege for ålmenta.

Forfedrane gjev forankring og identitet – med ulike forteikn. Kunnskap om forfedrane kan vere med på å løyse flokane, få brikkene til å falle på plass – slik han også kan skake oss opp om saknet tek overhand. Eg kjenner folk som har leita etter opphavet, som har levd på løgn, fått sysken og familie, mista dei att, mødrer som ikkje har fortalt heile sanninga.

Kunnskapen om slekta og forfedrane er ei dyster erkjenning for mange. Mindre forståeleg er det når vi skånar barna våre frå å kjenne til opphavet sitt. Ingen har rett til å nekte deg historia di.

Slekt og geit er det verste eg veit, seier altså venen. Men kunnskap om forfedrane er òg ei orienteringsline i livet, gir heimkjensle, er ei støtte på vegen, ei ramme og ein frekvens i kvardagen. Å kjenne til opphavet er å representere noko meir enn seg sjølv, vere ein bindelekk mellom fortid og framtid.

Snart er det også din tur. Snart er vi berre eit namn i rekka.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

La villreinen vinne på Dovrefjell