Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven har det verst; bygd eller by?

Sentraliseringsmaskineriet tømmer bygda for folk og arbeidsplassar. Alt går i feil retning, les vi. Men prisen for urbaniseringa er høg – også i byane.

Byens utfordringar: Mange av dei aller fattigaste menneska i landet bur i byane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Byens utfordringar: Mange av dei aller fattigaste menneska i landet bur i byane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Eg ser for meg den ikoniske daudingen til Kittelsen, ho med riva og den lange, svarte kappa, ho som vandrar frå bygd til bygd. Beraren av dødens smitte. Alt ho peiker på, vil ein dag forsvinne.

Tema som sentralisering og demografisk endring har fått ny aktualitet. Samanlikninga med rottepesten frå 1349 er tendensiøs, eg ser den, men artiklar og debattinnlegg – også i denne avisa – fortel meg at bygda er pressa, at noko står på spel. Eg les om nye reformer og nye krav. Eg les om arbeidsplassar som forsvinn, om bygdesamfunn i oppløysing og menneske på veg bort og vekk – frå bygda og til byen.

Politikken spelar ikkje på lag med Bygde-Noreg. Difor kjem det ein motreaksjon.

Samstundes er det lett å ty til overskriftene dei gongene noko går oss imot. Er det verkeleg så ille som eg les om? I kampen om merksemda og den rette tolkinga tyr vi til språket. Den repeterande klagesongen er som eit anker mot uveret, gir kraft til forteljinga og ei kjensle av fellesskap, men sjeldan eit presist og heilskapleg bilete av sanninga.

I skrivande stund er det tingretten og inntektene frå vasskrafta regjeringa vil ta frå oss. Enno er forslaga frå ekspertane eit forslag – i det blå. Ikkje noko er vedteke. Fleire av regjeringspartia har signalisert at dei ikkje vil støtte forslaga frå utvala.

Men tru aldri på ein politikar: Politikken er uføreseieleg. Dessutan er kampen mot reformistane og sentraliseringskreftene brutal og endar sjeldan godt. Ved kampslutt har bygda tapt – igjen – mot byen, som karar til seg det som finst av folk og arbeidsplassar.

Men har eg rett i framstillinga? Tek det repeterande sentraliseringssnakket inn over seg kvardagsutfordringane i byane? Finst ein motvilje på bygdene mot å forstå problema i byane?

Sentraliseringa har ein høg pris for sårbare bygdesamfunn, men òg for dei som bur innanfor ei pressa bygrense. Dei fem største byane i landet veks, og dei hyser i dag omtrent ein tredel av befolkninga i landet. Nye bustadprosjekt er tronge, tette og manglar lys og luft. Press frå oppkjøparar og utbyggjarar er ein konstant trussel mot dei grøne sonene som er att.

Er vi betre ombod for innbyggjarane i små lokalsamfunn enn i byen der det er mange som vi skal sjå?
Annonse

Klimaendringane gjer vêret meir uføreseieleg. For bonden på bygda – og dei som bur i byane. Noko veit vi: Det blir meir styrtregn, meir ras, meir flaum. I tillegg vil havnivået stige. Gamle røyrsystem er ikkje dimensjonerte og tilrettelagde for dei klimautfordringane vi står overfor, og tek mellom anna ikkje unna mengda av nedbør godt nok. Klimautfordringane har ein høg pris – for dei som bur der, og for kommuneøkonomien.

Mange av dei aller fattigaste menneska i landet bur i byane. I 2017 var det 10 prosent av norske barn som vaks opp i fattigdom. I Oslo – ein av dei byane i verda der det er dyrast å bu – var tala nesten 18 prosent.

Ungdomskriminaliteten i hovudstaden veks, og han er samansett. Kriminaliteten oppstår som ei fylgje av fattigdom og integreringsproblem, som igjen slår negativt ut på både levealder og helsetilstand. Frå 2015 og fram til 2018 gjekk talet på unge kriminelle gjengangarar opp frå 88 til 182, skriv Syn og Segn. Sårbare ungdomar i drift er ei utfordring for dei det gjeld, men òg for alle dei som bur i gjengområda.

Marknaden og bustadpolitikken er med på å skape ei større kløft mellom dei som har råd til å bu i byen, og dei som ikkje har det. Flyttestraumen til byane – kombinert med mangel på nye bustader – er med på å drive bustadprisane oppover. I 2018 var kvadratmeterprisen for ein einebustad i landet 35 000 kroner. I Oslo var han 66 500.

Luftkvaliteten i byane er ei utfordring for dei som bur der. Dårleg luftkvalitet gjer menneska sjuke og forverrar livskvaliteten deira. I snitt døyr 8,8 millionar menneske i verda kvart år av luftforureining. Regjeringa har sett av 12 milliardar til miljøsatsingar i dei største byane – ei miljøpakke som vart forsøkt fjerna. Ser ikkje opposisjonspartia dei faktiske miljøutfordringane i byane?

Å køyre bil på bygda er ein fryd. Å køyre bil i byen er derimot dyrt, og det tek tid. Og sjølv om bompengar er eit effektivt verktøy for å bøte på infrastruktur og miljøutfordringar, har verktøyet også ein pris. I Oslo betaler eg tusenvis av kroner kvart år for å setje frå meg bilen på gata eller i eit parkeringshus. Eller for å passere bommen.

Sentraliseringa tilfører byane mykje, makt og posisjonar, ikkje minst, men den fysiske avstanden til kommunehuset er lang – også i byen. Avmakt dreier seg ikkje alltid om geografisk avstand, men om viljen hjå politikarane til å sjå kvar enkelt.

Ser vi enkeltmennesket betre på bygda enn i byen? Er vi betre ombod for innbyggjarane i små lokalsamfunn enn i byen der det er mange som vi skal sjå?

Eg bur til dagleg på bygda sjølv og skal ikkje stikke under ein stol dei utfordringane som bygdene står i kvar dag. Det fritek oss likevel ikkje for å lytte til heile forteljingar, til heile sanningar. Gir vi oss tid, finn vi det vakre og trøblete – i bygda, og i byen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skatteetaten retter opp og endrer regelverk og praksis