Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven «eig» debatten om landbruket?

Engasjementet for landbruk kjenner ikkje partitilhøyr. Landbruket treng dei stemmene og dei talspersonane dei kan få.

Takhøgde: Er takhøgda for ulike syn i landbruket smal og ekskluderande? Foto: Mariann Tvete

I haust er det som kjent kommuneval. Eg er fyrstekandidat for Venstre og har så vidt byrja arbeidet: Her om dagen heldt eg appell på ein klimastreik. Neste veke er det næringspolitisk dag. Det er debattar i avisa og på sosiale medium.

Sjansen for at vi kjem inn i kommunestyret, er der. Ordførarklubba, derimot, kan vi sjå langt etter. Å stille til val for Venstre i eit dalføre der Senterpartiet og Arbeidarpartiet dominerer, er mildt sagt krevjande. Ein slags uriaspost, vil du kanskje tenke. Kvifor lytte til utspela frå ein kar i eit lite parti?

Dei store partia har kan hende nok med seg sjølve. Det kjennest slik.

Eg har snakka med hobbybønder som opplever at engasjementet deira blir gjort narr av.

Det siste året har eg interessert meg meir og meir for norsk landbruk. Kvifor? Fordi trygg og god matproduksjon er viktig for alle land. Fordi god landbrukspolitikk også er god miljøpolitikk. Fordi 45.000 er direkte sysselsette i landbruket. Men òg fordi eg ser at landbruket har låg status i eige parti. Kanskje kan eg vere med på å løfte statusen til sektoren blant andre venstremedlemmer endå meir?

Ståstaden til Venstre er å søke balanse mellom omsynet til husdyrproduksjon, biologisk mangfald og til internasjonale forpliktingar. Eg er ikkje samd med morpartiet i alt. Eg ynskjer ikkje å auke talet på rovdyr, slik mange i partiet vil. Vern av myr og fjell er viktig, men naturen må også brukast. Slike ting.

Interessa mi for landbruket er personleg og ektefølt. Eg voks opp på eit bruk med besteforeldre som dreiv heilhjarta. Eg har ein far som tek vare på bruket på beste måte. I den same bygda bur det mange dyktige gardbrukarar. Eg har vener som arbeider med mjølkeproduksjon, som sankar sauer, og som spreier møkk.

Og difor bankar hjartet mitt for landbruket.

Eg har ved fleire høve framsnakka næringa på sosiale medium. Eg har pynta profilbiletet mitt på Facebook med vignetten «Norge trenger bonden». Eg har posta bileta av dyr på beite. Eg er medlem i Bondelaget. Eg har delt artiklar på nettet. Eg har tala varmt for jordbruksoppgjeret – som eg meiner er godt, og som peikar i rett retning.

Annonse

Samstundes har responsen på engasjementet vist seg å vere meir utfordrande enn eg fyrst såg for meg. Tilbakemeldingane er ofte sterke. Retorikken er ikkje sjeldan anklagande og blir ikkje sjeldan ein monoman ytterlegheitsdebatt utan rom for nyansar.

Må det vere slik?

Engasjementet mitt for landbruket er eit frekt tjuvlån, noko eg har stole frå andre parti, les eg. Bak det heile ligg eit kynisk jag etter stemmer, får eg høyre, og smisking med sektoren. Og korleis kan eg – ein mann tidvis i dressjakke – vite noko om landbruket?

Eg undrast: Kven skal eige landbruksdebatten? Kven har rett til å meine noko om han? Kor mykje kjennskap bør ein ha om sektoren før ein i det heile skal våge seg utpå?

Dei politiske partia i Noreg har politikk innanfor alle område. Einskilde parti er rettnok meir sektorfikserte enn andre. Senterpartiet, til dømes. Dei er landbruket sitt parti og garantistar for eit aktivt landbruk over heile landet, seier dei. Ei undersøking gjort av bygdeforskingsinstituttet Ruralis viser at 65 prosent av bøndene i 2018 støttar opp om Senterpartiet. Det gjer dei likevel ikkje til den einaste premissgjevaren i debatten om landbruket. At oppslutninga om Senterpartiet er stor blant norske bønder, betyr ikkje at dei andre partia ikkje har ein landbrukspolitikk. Og at politikken deira er som avvik å rekne.

Er takhøgda for ulike syn i landbruket smal og ekskluderande?

Eg har snakka med hobbybønder som opplever at engasjementet deira blir gjort narr av. Eg har snakka med unge menneske som ynskjer å drive garden på alternative måtar, men som ikkje kjenner seg velkomne på laget. Eg har snakka med senterpartistar som snakkar varmt om jordbruksoppgjeret i år, men som kvir seg for å seie det høgt.

Engasjementet for landbruk kjenner ikkje partitilhøyr. All praktisk politikk blir til i samhandling mellom fleire parti. Slik har det òg vore tidlegare, og slik vil det vere også etter kommunevalet i haust. Landbruket treng dei stemmene og dei talspersonane dei kan få, om dei kjem frå Framstegspartiet, SV, Miljøpartiet Dei Grøne eller Senterpartiet, om du er kontormannen i dressjakke eller raddisen på småbruket.

Landbruksdebatten er krevjande og krinsar i for stor grad om symbolsakene: om ulv, om myr og om pelsdyr. Frontane er nærmast militante. Er du for eller imot? Det uvenlege munnhoggeriet gjeld i rikspolitikken og i lokalpolitikken. Konfrontasjonane gjer at mange trekker seg unna. Er landbruket tent med det?

Ingen har hevd på landbrukspolitikken. Framtida for norsk landbruk må vi gjerne vere usamde om. Engasjementet for landbrukspolitikken skal vi ikkje ta frå kvarandre.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Veiprising bryter ned både distrikt og personvern!