Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar er vi når det gjeld?

8. mars inspirerer til å stå opp for menneskeverd, likeverd og likestilling.

Likestilling i samfunn og kyrkje har ikkje kome av seg sjølv. Nokre måtte bane veg slik Camilla Collett gjorde, skriv Solveig FIske. Måleriet av Collett (1813-1895) er signert Jacob Munch 1833. Foto: NTB
Likestilling i samfunn og kyrkje har ikkje kome av seg sjølv. Nokre måtte bane veg slik Camilla Collett gjorde, skriv Solveig FIske. Måleriet av Collett (1813-1895) er signert Jacob Munch 1833. Foto: NTB

8. mars minner oss om dei som har hatt tru på, og stått opp for kvinnekamp og arbeid for likestilling.

Eg vil lyfte fram Camilla Collett (1813-1895) som levde i ei tid da enkeltpersonar og heile samfunnet lei under kvinner si pålagte tausheit og fråvær av makt og innflytelse i det offentlege rom. I denne tida gjorde Camilla Collett opprør gjennom sitt liv og med si penn. Ho ønskte å frigjere kvinners kjensler og ville at kvinner skulle bli seg sitt menneskeverd medvitne.

Camilla Collett og hennar tekster vart viktig inspirasjon for kvinner som kjempa for stemmeretten. Å tåla, tie og lide var tidas kvinneideal. Dette var nedbrytande både for den enkelte, for kvinners omgjevnader og for heile samfunnet.

Forankra i si kristne tru heldt Camilla Collett fram at sjølv om kvinner og menn er ulike, er dei skapte likeverdige og er gjensidig forplikta overfor kvarandre. Forplikta til å bruke sine evner, sine talent, til beste for fellesskapet og seg sjølve. Berre slik kunne samfunnet avspegle, ikkje berre menn, men og kvinner sine verdiar og interesser.

Camilla Collett var oppteken av at frigjering startar i det einskilde mennesket, i den einskilde kvinna, og at indre fridom er ein føresetnad for reell frigjering.

Sjølv i ei tid utan politiske rettar for kvinner og svært avgrensa økonomiske og religiøse rettar, heldt Camilla Collett fram visjonen om kvinna som eit fritt og myndig menneske som må våge å ta sine ressursar i bruk.

Likestilling i samfunn og kyrkje har ikkje kome av seg sjølv. Nokre måtte bane veg slik Camilla Collett gjorde. Takksame kan vi sjå oss attende, men og spørja:

Kvar er vi når det gjeld?

Annonse

Kven er i trellestand no?

Kvar brenn det?

I ljos av desse spørsmåla vil eg lyfte fram vald og seksuelle overgrep, og særleg det som gjeld samtykkelovgjeving. Eg ser fram til ei samtale og ein debatt i Norge om ei slik lovgjeving. Bør vi koma fram til å få det same som i Sverige og Danmark, ei samtykkelov knytt til seksuelt samkvem?

Dette er ei viktig samtale, og noko som kan vere med å styrke rettskjensla til alle dei som opplever å bli utsett for valdtekt.

Camilla Collett gjorde opprør og lyfte fram humanitet og menneskeverd. Vi utfordrast, frå henne og alle andre som har stått opp for likestilling, til framleis å vere vakne når det gjeld haldningar, språk og talemåtar. Ingen skal risikere trakassering, diskriminering eller vald for sin kjønnsidentitet.

Vi må spørja om vi held fellesskapet ope, ved å lyfte fram menneskeverd, likeverd og likestilling lokalt, nasjonalt og globalt.

Kva pregar oss? Kven opplever seg som utestengd? Kven vert definert med redusert menneskeverd? Korleis snakkar vi om barna i flyktningeleirane på Lesvos og andre stadar? Korleis snakkar vi om vald og seksuelle overgrep?

8. mars utfordrast vi til å verne om og vidareutvikle arven frå Camilla Collett og alle andre som har stått opp for menneskeverd, likeverd, likestilling.

Til lykke med 8. mars!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Frieles arv er vårt ansvar