Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvar blir det av sauekjøttet?

Vi har to Coop-butikkar, to Rema-butikkar og ein Kiwi-butikk i nærområdet.

Sau: Ikkje alltid på menyen. Foto: Svein Egil Hatlevik
Sau: Ikkje alltid på menyen. Foto: Svein Egil Hatlevik

Vi har spurt etter sauekjøtt i eit par månader. Dei ser rart på oss og har visst ikkje høyrt om noko så rart som sauekjøtt.

I nabokommunane er det òg Meny-butikkar der seier dei at sauekjøtt har dei berre i «sesongen».

Det er ei sanning med modifikasjonar for dei har ikkje sauekjøtt i sesongen heller.

Annonse

Dersom det er slik at matvarekjedene ikkje vil marknadsføre sauekjøtt må Nortura snart finne ei løysing på det. Kollega i landbrukssamvirket, Felleskjøpet, har store og fine butikkar i mange tettstader og byar. Det måtte kunne prøvast å få eit samarbeid med Felleskjøpet om sal av sauekjøtt Det kunne starte med sal av frose sauekjøtt.

I sesongen kan du slumpe til å finne kjøttdeig av lam i butikken. Kjøttdeig av sau finns ikkje. Det undrar meg at Nortura vil skjære ned og male opp lammeskrottar på 17–18 kilo, når dei har store lager av saueskrottar på kanskje 30–35 kilo.

Kjøttdeig av sau er eit glimrande råstoff for mange gode rettar, men eg har ikkje opplevd å finne det i butikken. Eit utmerka produkt ville vera ei blanding av storfe og sauekjøtt, kanskje 30 prosent sauekjøtt til kjøttdeig. Alle dei tusenvis som nå liker smaken av pinnekjøtt ville like smaken av slik kjøttdeig.

Billig ville det òg bli, for Nortura betaler visst ikkje stort for sauekjøtt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jordvern og verdien av matjorda