Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva skal vi med mjølkemarknaden?

Det stormar i mjølkeglaset, eller, meir presist, det er heftig debatt rundt vilkåra for ulike tilbydarar av mjølk og mjølkeprodukt til norske forbrukarar og verksemder.

Forbrukaren er dronninga i mjølkemarknaden som i andre marknadar, det er ho vi skal vinna med gode og nyskapande produkt , skriv Aksel Mjøs i Kavlifondet. Foto: Privat
Forbrukaren er dronninga i mjølkemarknaden som i andre marknadar, det er ho vi skal vinna med gode og nyskapande produkt , skriv Aksel Mjøs i Kavlifondet. Foto: Privat

Når konsernsjefen i Tine, Gunnar Hovland, hevdar at konkurrentane har vortne større og meir lønsame enn Tine og nyttar omgrep som «konkurransevridande tilskudd», så krev det eit tilsvar.

Forbrukaren er dronninga i mjølkemarknaden som i andre marknadar, det er ho vi skal vinna med gode og nyskapande produkt som leverer på funksjon, smak, pakning, næringsinnhald og bærekraft. Elles vel ho andre produkt. Skal vi sikra meir, og meir lønsam bruk av norsk mjølk, så må vi starta hjå forbrukar.

I alle marknadar, endåtil på noko så standardisert som elektrisk straum, har styresmaktene innført konkurransefremjande tiltak, og dette har sjølvsagt utfordra tidlegare monopolistar. Etter innføring av konkurranse i mjølkemarknaden for vel 20 år sidan, har forbrukaren opplevd stadig større kreativitet og ny kvalitet i meierihylla, og dette har bremsa fallet i mjølkeforbruket. At den tidlegare monopolisten er meir uroleg for at utfordrarane hevdar seg, enn kva dette har betydd for fellesskapet av mjølkebønder og meieriaktørar, imponerer lite.

Reguleringa av mjølkemarknaden balanserer mange omsyn for nettopp å oppnå auka felles andel av forbrukaren si handlevogn. Kapital er eit krevjande tema. Her er dagens løysing eit fungerande kompromiss.

Tine er eit samvirke som har vorte bygd opp, og samla kapital, gjennom bondesamarbeid sidan 1856. Det er uråd for nye konkurrentar å etablera seg som samvirke sidan ingen mjøkebønder kunne ha kome opp med nok kapital på kort sikt til å byggja nye meieri. Difor må dei aktørane som skal utfordra Tine ha andre selskapsformer, og rammevilkåra må ta omsyn til dette.

Annonse

Konkret betyr det, at om ein skal få konkurranse i heile verdikjeda så må bøndene som leverer til Q-meieriene kompenserast for at dei ikkje lengre får del av Tine sitt overskot. Dette er ei pragmatisk løysing som fungerer både for Tine og Q-meieriene, sidan vi har ulike selskapsformer i denne marknaden. Om Tine igjen vert monopolist på mottak av mjølk så får jo desse bøndene sin overskotsandel direkte, så det ville ikkje ha gjort nokon forskjell for den enkelte Tine-eigar.

Meieridrift er særleg kapitalkrevjande, og når Kavli investerer ein milliard kroner i nytt meieri, så er det i tillit til at det er ein attraktiv forbrukarmarknad som er interessert i våre innovasjonar, men og at rammevilkåra er stabile. Skiftande rammevilkår drep kreative konkurransedrivande initiativ som denne investeringa.

Alle meieriaktørane må levera avkastning på den kapitalen eigarane let dei disponera, enten det er bøndene i Tine, eller aksjonærane i Synnøve Finden eller Q-meieriene. I vårt tilfelle er dessutan høg kapitalavkastning eit vilkår for Kavlifondet sine bidrag til gode føremål, sidan det ikkje er private aksjonærar bak Q-meieriene.

Det har og vore ein del fokus på at Q-meieriene berre har to sentralt plasserte meieri medan Tine dekjer heile landet. Igjen har dette historiske årsaker og det er uråd så sjå korleis ein ny aktør kunne, eller burde, ha etablert seg med mange meieri over heile landet. Tilsvarande hentar Tine mjølk på dei mest avsidesliggjande mjølkebruk, men får og kompensert for dette i prisutjevninga, som rimeleg er.

Det har vore krevjande nok å få Q-meieriene etablert gjennom 20 år, og mangelen på andre konkurrentar er dessutan eit tydeleg signal på dei samla etableringshindra.

Avslutningsvis, kampen i meierimarknaden står om å vinna hjå forbrukar, det er den einaste måten norsk mjølk og norske bønder kan vinna. La oss difor kjempa om å levera dei beste produkta, ikkje krangla om rammevilkår som uansett ikkje kan verta perfekte.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

På høy tid med opprør