Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva prioriterer du, Bollestad?

Alt i livet handlar om prioriteringar. Slik er det anten ein er statsråd eller bonde, og prioriteringar fører til konsekvensar. Dette kjem ein ikkje unna, spesielt ikkje om ein er statsråd.

Olaug Bollestad. Foto: Kari Nygård Tvilde
Olaug Bollestad. Foto: Kari Nygård Tvilde

Den 20.august skal det haldast eit ope folkemøte om vegen vidare for prosessen i Mattilsynet. Stikkorda er tillit og kommunikasjon, bøndene ynskjer å bli høyrt og tatt på alvor. Dette handlar om familiane, framtida og å finne løysingar til det beste for forbrukaren, bøndene og samfunnet.

Me vil ha eit Mattilsyn med god faglig kompetanse og eit Mattilsyn som i lag med bøndene finn løysingar for at me fortsatt skal produsere verdas tryggaste og beste mat.

Annonse

For at denne prosessen skal verte best mogleg er det viktig at Landbruks- og matministeren møter bøndene og høyrer på innspel. Det er viktig at statsråden prioriterer ein slik arenaer som møtet på Undheim den 20. august vil verte.

Eg håper møtet på Undheim vert stort, eg håpar møtet om Mattilsynet vil sette frå seg tydelege spor for å ivareta bøndene i prosessen.

Mitt mål er at Mattilsynet etter dette møtet har fått ei tydeleg oppfatning om korleis ein kan gjenopprette tilliten og dialogen med bøndene.

Mitt håp er at statsråd Bollestad ser alvoret i uretten som er gjort mot fleire bønder og deltek når vegen vidare vert skissert. Mitt mål er at statsråden prioriterer rett når me i etterkant spør «kor var du då me hadde ope møte på Jæren den 20.august?»

Neste artikkel

Rapport: Dette er åtte problemer ved Mattilsynet