Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva med arealpolitikken?

Om Senterpartiet ønsker å endre arealpolitikken, så hadde det vore fint om ein greidde å sikre matjorda betre mot nedbygging.

Nedbygging: Det problematiske er at ein i staden for å gå grundig inn i de interessante drivkreftene bak sentralisering og nedbygging, ser ut til ha konkludert med at statleg overstyring av kommunane er problemet. Foto: Mostphotos
Nedbygging: Det problematiske er at ein i staden for å gå grundig inn i de interessante drivkreftene bak sentralisering og nedbygging, ser ut til ha konkludert med at statleg overstyring av kommunane er problemet. Foto: Mostphotos

Før sommarferien handsama Stortinget eit representantforslag frå Sp, anført av Heidi Greni og Sigbjørn Gjeldsvik, om endringar i statlege planretningsliner.

Forslaget handla om ei meir balansert befolkningsutvikling mellom bygd og by, sukra med at jordvern skulle vere overordna mål for all planlegging. Forslaget fekk bare støtte av Frp, og fall.

Argumenta bak forslaget var at retningslinene i dag, og forvaltinga av desse, er for rigid, og fører til både sentralisering, og nedbygging av jord. Spørsmåla er betimelege, og kjernen i innspelet konstruktivt.

Det problematiske, slik eg ser det, er at ein i staden for å gå grundig inn i de interessante drivkreftene bak sentralisering og nedbygging, ser ut til ha konkludert med at statleg overstyring av kommunane er problemet.

Løyser ein den enorme sentraliseringa ved, som Greni eksemplifiserer, å til dømes «tilby bustadtomter på 30.000 kvadratmeter» i distrikta?

Reduserer ein nedbygginga av jord rundt byane ved å postulere at «overkøyringa av kommunane ikkje kan fortsette», og «kommunane må få makta tilbake»?

Eller er mekanismane bak sentralisering og nedbygging, meir samansette?

Utsegna frå Greni og Gjeldsvik får det til å gå kaldt nedover ryggen, når ein frå jordvern-sida har følgt arealdiskusjonane i Rogaland over nokre år.

Statistikken syner ein svært høg folkevekst i sentrale Rogaland, omtala som Jæren, medan randkommunane i fylket i beste fall har stått stille.

Kommunane i fylket har, med sine sterke incentiv for folkevekst, kjempa mot kvarandre med nebb og klør, om veksten som har følgt av mellom anna olja-næringa.

Annonse

Jær-kommunane, som utgjer eit utvida byområde, med byane Stavanger, Sandnes og Bryne, har altså ‘vunne’ over utkantane, og hatt størst vekst.

Jæren, som er eit overraskande lite område, har i tillegg til å vere svært tettfolka, eit ekstremt fruktbart jordsmonn og eit aktivt jordbruk.

I Rogaland har altså flyttestrømmen dei siste femti åra gått frå område med mykje fjell, til område med nesten bare dyrka jord, og dette med årlege vekstratar heilt i Norgestoppen. I tillegg kjemper også på Jæren, bygdene mot byane om å vekse.

Til dømes hadde ei lita grend, to minutt sør for Bryne, for nokre år sidan ein tung aksjon for å få meir bustadbygging.

Argumentet var også her at grenda var fråflyttingstrua. Kommunen med sine sterke incitament for folkevekst, støtta sjølvsagt initiativet sjølv om dette var midt ute i jordbrukslandskapet, og statsforvaltaren fekk som vanlig rolla med å seie nei.

Argumentet for å seie nei her, var at Jær-kommunane for over 20 år sidan, utarbeidde ein felles langsiktig arealplan etter krav frå Miljøverndepartementet.

Bakteppet for departementets krav om å ha ein regional plan og retning for byveksten, var at staten lytta til dei fortvila bøndene i Stavanger som vart bygd ned for fote.

Korkje utbyggings-, eller jordverninteresser jublar for denne planen, og bølgene går høgt ved kvar revisjon, men den spreidde bustadbygginga og den fysiske byveksten hadde definitivt sett verre ut utan denne.

Er det slike planar Greni og Gjeldsvik vil til livs når dei kritiserer planretningslinene for byvekst? Gnissingar om politikk mellom dei tre forvaltingsnivåa er gamle som fjella, men ingen stader har kommunane hatt større fridom enn i arealplanlegginga.

Areal- og bustadpolitikk, har historisk, og i større grad enn i våre naboland, vore delegert til kommunane.

At arealplanlegging grovt sett har stoppa ved kommunegrensene, skuldast ikkje overkøyring frå stat og regionar.

At det etter krigen er bygd ned rundt 1 million dekar av landets totale jordbruksareal på rundt 10 millionar dekar, er ikkje noko kommunane er fritekne ansvar for.

Ein reell diskusjon om sentralisering og nedbygging er kjærkomen, og om Sp har ein plan for å styre folkeveksten mot uproduktiv grunn, så sei dette!

Har ein tankar om å endre kommunane sine enorme incitament til å konkurrere mot kvarandre om veksten, så fortell oss det!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Eit smart fyrste grep for å ta heile landet i bruk