Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva interesse har Coop av å skvise ut den norske bonden?

På laurdag skulle eg og ein kompis handle inn for helga, men det enda med eit stort nederlag då ingen av oss fann Prior egg.

Matmakt: Det er forbrukaren som til slutt vel kva butikken skal selj, skriv Steffen Fjellestad. Foto: Privat
Matmakt: Det er forbrukaren som til slutt vel kva butikken skal selj, skriv Steffen Fjellestad. Foto: Privat

Eg vart eigar i Coop då eg flytta til Ås og måtte byrje å handle min eigen mat, og har vore fornøgd med Coop så langt, men no er det nok. EMV (eigne merkevarer) har prega butikkhyllene i fleire år, men likevel har Gilde, Prior og Tine vore godt representert slik at vi har fått tak i desse produkta.

Men på EXTRA Raveien er det ikkje slik lenger. Eg skulle handle egg som ofte er eit viktig punkt på handlelista, og då sjølvsagt Prior egg. Men dette var ikkje å finne i butikkhylla og eg fann raskt ut at dette ikkje var fordi det var tomt. Heile hylla var full av andre merker, blant anna Coop og Extra sine eigne egg.

Og slik har butikken openbert tenkt at det skal vere, for det er EMV som gjeld no for tida.

Forbrukarmakta sigrar til slutt og derfor måtte eg spørje om dei kan ta inn Prior sine egg igjen. Det kunne ikkje assisterande butikksjef bekrefte, men ho sa at dei vil vurdere det etter at dei er ferdige med dei strukturelle endringane som går på hylleplassering i butikken.

Kva blir det neste i denne endringa? At vi ikkje får kjøpt Gilde kjøtdeig?

Det er opp til dei ulike butikkane og kjedene å bestemme kva slags varer dei ynskjer å ha i butikkane sine. Det betyr at utvalet i ulike butikkar varierer ut ifrå kva slags avtaler dei har valt. Men det er forbrukaren som til slutt vel kva butikken skal selje. Vi har ei stor makt, og eg meiner det er ein dårleg ide at ein matbutikk i Ås vel å kutte ut samvirkeprodukta.

Annonse

I tillegg kåra deg britiske marknadsundersøkelsesfirmaet Mintel, Prior sine eggekartongar til det mest innovative produktet for januarmånaden. Firmaet kåra det fordi Prior Frokostegg skil seg ut i mengda og fortel i tillegg om miljøvenleg emballasje på pakninga. Prior sine eggkartongar er dessutan 100 prosent resirkulerbare. Berekraftig emballasje er ei viktig satsing for Nortura. Kvifor vil ikkje Coop støtte dette?

Samvirke er dessutan ein av fleire viktige berebjelkar til det norske landbruket, og Tine, Nortura og Felleskjøpet har også fått tildelt marknadsreguleringsansvar. Marknadsregulering er eit avgjerande viktig verkemiddel for å sikre landbruk over heile landet. Men skal samvirkeselskapa klare dette er dei heilt avhengige av at vi, du og eg, handlar produkta deira. Og skal vi klare det så må vi finne ein anna butikk enn EXTRA Raveien.

Og kva interesse har Coop av å skvise ut den norske bonden? Bonden skal levere mat av høg kvalitet og det er den best i verda til. Og butikkjeda Coop skal omsetje desse produkta, og kvifor er det då så viktig å ta styringa lenger bakover i verdikjeda? Vertikal integrering er ein stor trussel mot våre fantastiske og viktige samvirkeselskap. Er målet å vinne over bonden? Målet bør vere å spele på lag!

Diverre fekk eg ikkje kjøpt egg, og neste gong skal eg på Rema 1000 for å sjekke om det er mogleg å kjøpe Prior egg der. Eg lever i eit stort håp sidan Nortura og Rema 1000 for eit år sidan inngjekk ei stor eggavtale med over 600 butikkar og eg høyrer rykte om at Ås er ein av dei butikkane.

No må kunnskapen vår vinne over kunnskapsløysa til Extra Raveien og Coop. Kjøp maten din på den butikken der du finn varer frå Nortura (Prior og Gilde) og Tine. Eg spår at vi raskt finn Prior egg på EXTRA Raveien om vi står saman.

Saman for den norske bonden og det norske landbruket. Er du med på det? Det er vi som til slutt bestemmer og eg trur vi klarer det!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

EU styres av et spøkelse