Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kunnskapsbasert politikk gir glade grisar

Betre dyrevelferd er ei opplagt kampsak, også i eit land som har dyrehelse og dyrevelferd i verdstoppen. Dette er Senterpartiet og Venstre einige om.

Mot dyrevelferd? Når vart det å vera opptatt av eit breitt kunnskapsgrunnlag og gode, faglege innspel det same som å vera mot dyrevelferd, Bjørlo, spør Sps Jenny Klinge. Foto: Mostphotos
Mot dyrevelferd? Når vart det å vera opptatt av eit breitt kunnskapsgrunnlag og gode, faglege innspel det same som å vera mot dyrevelferd, Bjørlo, spør Sps Jenny Klinge. Foto: Mostphotos

Då er det unødvendig av Alfred Bjørlo å laga kunstige motsetnader mellom partia, slik han gjer i innlegget «Alle tener på glade grisar».

Bakgrunnen er dette: Venstre sat nyleg i regjering. I løpet av desse åra klarte dei ikkje å koma i gang med den krevande oppgåva det er å laga ei stortingsmelding om dyrevelferd. Men Sandra Borch frå Sp sette raskt i gang arbeidet med ei slik melding då ho vart landbruksminister.

Samtidig understreka ho at arbeidet kjem til å ta tid viss det skal gjerast grundig og ha høg kvalitet, fordi både produksjonsdyr på land og i vatn skal med, samt kjæledyr.

Borch burde få ros frå Bjørlo for dette. I staden får han med seg stortingsfleirtalet på å tvinge fram meldinga året før fagfolk meiner den bør vera ferdig. Dette er altså snakk om eit arbeid som Venstre kunne ha begynt på for lenge sidan, dersom dei hadde det travelt. (Det er tjue år sidan ein tilsvarande gjennomgang av dyrevelferden.)

No som Venstre ikkje lenger har regjeringsmakt, er det tydelegvis viktig for Bjørlo å markere ein plutseleg iver etter ei slik hurtiglaga stortingsmelding på vegne av partiet. Og farten på både denne meldinga og på konkrete politiske vedtak er tydelegvis langt viktigare enn å sikre høg kvalitet på eit saksfelt som handlar om liv og helse for dyr.

Standarden på denne dyrevelferdsmeldinga skal skape grunnlaget for god kvalitet på omfattande politiske tiltak og regelendringar, som igjen skal koma dyra til gode. Kunnskapsbasert politikk gir glade grisar. Når vart det å vera opptatt av eit breitt kunnskapsgrunnlag og gode, faglege innspel det same som å vera mot dyrevelferd, Bjørlo?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Om kunstgjødsel