Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kua skal vekk!

Senterpartiet og Arbeidarpartiet har vedteke at kua i realiteten skal fjernast i Møre og Romsdal fylke innan 10 år.

Ku: Klimakur og anna miljø- og klimahysteri skal ikkje få true landbruksnæringa eller distrikta, skriv Frank Sve. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Ku: Klimakur og anna miljø- og klimahysteri skal ikkje få true landbruksnæringa eller distrikta, skriv Frank Sve. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Såleis blir landbruksnæringa avvikla, då Ap og Sp har vedteke at fylket skal vere 100 prosent klimanøytralt innan 2030.

I sist fylkesutvalsmøte vedtok nemleg eit fleirtal, med Sp og Kristin Sørheim i spissen, at Møre og Romsdal skal vere 100 prosent klimanøytralt om 10 år.

Fylkesleiar i Ap, Per Vidar Kjølmoen såg galskapen, då han påpeika at konsekvensen av framsnakkinga frå Sp og Sørheim om 100 prosent klimanøytralt fylke om 10 år, i realiteten betyr at kua må vekk innan 2030 i vårt fylket, og landbruksnæringa leggjast ned.

Kjølmoen fremma framlegg om at det skulle vere 50 prosent klimanøytralt her i fylket innan 2030, men vart møtt med motargument og stemt ned av Senterpartiet.

Alle forstår at verken landbruksnæringa eller andre næringsdrivande kan fortsette med si drift, dersom eit mål om 100 prosent klimanøytralt fylke skal gjennomførast.

Senterpartiet var også heilt spesielt i spissen i klimakursaka tidlegare i år, med at det skulle produserast mindre kjøtt her i fylket og etast meir grønt.

Tang og tare var visst tingen, medan kua, sau og gris vist ikkje lenger er på moten i Møre og Romsdal Senterparti. Såleis er Senterpartiet den desidert største motstandaren av landbruksnæringa her i fylket.

Det er skremmande at Senterpartiet i Møre og Romsdal no ser ut til å bli styrt av personar forfektar ein politikk som i realiteten er med på å avvikle landbruksnæringa i Møre og Romsdal.

Ikkje veit eg kva Senterpartiet driv med, men det er i alle fall milevis frå normal Sp-politikk!

At Sp i Møre og Romsdal er for «kjøttskam» og forfektar ein politikk som skal byggje ned kjøttproduksjonen er i seg sjølv aldeles grenselaust. Men verst er det at Senterpartiet ser ut til å forlate det meste av distriktspolitikken, der klimakur, klimamål og bypakkar/byutvikling er viktigare enn oppretthalding av landbruksnæringa, og til dømes vidaregåande skular og ei forsvarleg og billig ferjedrift i distrikta.

Vi i Møre og Romsdal Frp kjem til å kjempe for landbruksnæringa og ei god utvikling av distrikta i vårt fylke, og at «kua får gjere det den må» – utan at klimakur og anna miljø- og klimahysteri skal få true landbruksnæringa eller distrikta ein tøddel.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lundteigen om bruk av PR-selskap i Tine: – Må avsluttes snarest