Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ku + gras = sunt og sant

Her i landet har vi flotte naturlege føresetnader for å produsera kjøt. Eg betalar gjerne meir enn i dag. Men å eta mindre kjøt er uaktuelt.

Politisk korrekt: I dag er det politisk korrekt å snakka ned kjøt og husdyrprodukt, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Politisk korrekt: I dag er det politisk korrekt å snakka ned kjøt og husdyrprodukt, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Kjøt og kjøtproduksjon er eit heitt tema i Nationen for tida. 24/2 startar det med «Faglig snakka» av Trond Ivar Qvale. Vi får innsikt i korleis beiting med riktige kurasar dannar eit berekraftig økologisk system saman med fleirårige beiteplanter. Eit system som bind opp karbon og bygger jordsmonn. Måtte berre politikarane skjøna…..

Eg blar om to gonger, og møter då storfebonden René Cortis. Han ber minister Høie om å få tildelt Helse- og omsorgsdepartementets pris «sunnere produkter», i staden for Tine. Produksjonen er 100 prosent grasbasert. Mjølka og kjøtet får betre kvalitet. Meir CLA (konjugert linolsyre) og betre balanse mellom omega 6 og omega 3 fleirumetta feittsyrer enn med kraftfor. Feitare mjølk og større andel umeitta feitt.

Men Høie må nok konsultera Helsedirektoratet sine «ernæringsekspertar». Då kjem vi ikkje utanom at naturleg kumjølk inneheld størst andel meitta feitt, og det er som kjent fy-fy i dei offisielle kosthaldsråda. Dei snakkar i staden om «sunne planteoljer», kor dei inkluderer til dømes solsikkeolje med sitt omega-6 til omega-3-forhold på heile 273:1.

Annonse

Vita «Hjertego» inneheld ein god del av denne truleg helsefarlege olja. CLA er ei gruppe naturlege, bioaktive transfeittsyrer som ser ut til å ha ei rekke gunstige helseeffektar. Eg har sjølv høyrt ein representant for H-dir nemna desse i same andedrag som industrielt transfeitt.

Tine tappar ikkje H-mjølk som skulemjølk. Dei, framfor nokon andre, burde gå i front for mjølkefeittet, det mest komplekse og verdifulle feittet i dietten vår. Men aller best når kua har fått si naturlege føde; gras og urter. Cortis fortener absolutt prisen, Tine ikkje!

Lenger ned på sida er det politikaren sin tur. Andreas S. Unneland frå SV tek til orde for høgare kjøtprisar. Flott, dersom vi får kvaliteten Cortis leverar, og at det er bonden som får meir pengar. Samstundes vil han ha ned kjøtforbruket – av helsemessige årsakar. Vi har ikkje tradisjon for slik fråtsing! Nei, for folk flest var det så magert at mange drog til Amerika.

I Europa har vi berre Moldova, Romania og Slovakia bak oss i kjøtkonsum. I land med økonomisk framgang aukar kjøtkonsumet. Kina ligg no om lag på vårt nivå. Av den enkle årsak at kjøt (og fisk) er dei mest verdifulle næringsmidla. Dette veit alle innst inne, men i dag er det politisk korrekt å snakka ned kjøt og husdyrprodukt.

Her i landet har vi flotte naturlege føresetnader for å produsera kjøt av beitande storfe, lam og geit. Eg betalar gjerne meir enn i dag. Men å eta mindre kjøt er uaktuelt. I heile mitt liv (68 år) har det vore obligatorisk å ha kjøt eller fisk til middag. På sundag alltid kjøt, men det var altså ikkje så bra for helsa. Ikkje var det billig, heller. Det er rart å tenka på kor uopplyste folk må ha vore…..

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ærlighet varer lengst, Pollestad