Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF må ta foreldreansvar for EØS-avtala!

Om ikkje partiet skal miste truverd, må KrF stå opp og kjempe for suverenitetsvernet og intensjonane som ligg bak EØS-avtala.

Steinar Reiten, stortingsrepresentant for KrF. Foto: Siri Juell Rasmussen
Steinar Reiten, stortingsrepresentant for KrF. Foto: Siri Juell Rasmussen

I ei sak i Nationen åtvarar stortingsrepresentant Steinar Reiten frå KrF mot ei utgreiing om EØS-avtala. Han seier at «KrF er fortsatt et parti som sier klart nei til EU, men vi skal stå opp og kjempe for EØS-avtalen. Det er på en måte vår baby.»

Les saka han refererer til her:

Annonse

Han har mykje rett i det. Nett difor bør KrF ta foreldreansvar i staden for å frykte ei utgreiing om konsekvensane av EØS-avtala. For det som skjer i desse dagar er at EØS-barnet til KrF får fødselsattesta si omskriven. Vi er så å si i ferd med å miste foreldreretten, medan partileiinga i Kristelig Folkeparti ikkje ser ut til å bry seg om den sida av saka.

Utviklinga med ei rad EU-byrå som får ulik grad av forvaltningsmyndigheit er urovekkande. Finansbyråa og ACER er døme på slike byrå som overstyrer norske forvaltningsorgan, om enn indirekte ved at vedtaka må passera gjennom EØS-tilsynet ESA, eit EFTA-organ. Verre enda er det med EUs jernbanebyrå ERA, som Samferdsledepartementet foreslår skal få direkte styringsrett i Noreg, uavhengig av EFTA-pilaren. Eit slikt forslag ligg no på bordet, presentert av ein statsråd frå Kristelig Folkeparti. Det trudde eg aldri eg ville få oppleva.

Om ikkje partiet skal miste truverd, må KrF stå opp og kjempe for suverenitetsvernet og intensjonane som ligg bak EØS-avtala. Avtala har form av eit dobbeltspor, eit EU-spor og eit EFTA-spor. Konstruksjonen er slik nett fordi Noreg og EFTA-landa ikkje skal avstå myndigheit til noko EU-organ, berre til EFTA-organa i EØS (til dømes ESA og EFTA-domstolen). Det var denne sikringa som i si tid fekk KrF til å samla seg bak EØS-avtala som eit varig alternativ.

Regjeringa vil innføre EUs fjerde jernbanepakke i motstrid med dette prinsippet, noko departementet sjølv vedgår. Dersom ikkje statsråd Hareide og regjeringa snur, vil det altså vere ei regjering med KrF-statsrådar som iverksett denne «nyskapinga i EØS-retten» (som departementet kallar det), ei «nyskaping» som bryt tvert med det EØS-grunnlaget som KrF har slått ring om i eit kvart hundre år.

Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje la partiet hive moral og prinsipp over bord. Det er enno ikkje for seint å snu, Knut Arild. Eg ber deg og partileiinga om å tenkje ein gong til – for EU-motstanden, for Grunnloven og for EØS-avtala sin skuld.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fakta og politikk