Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF gjer ein skilnad!

God landbruksavtale og fem millionar til nasjonal forskingsstasjon for planteutvikling på Leikanger er stas!

Næringspolitisk talsperson i KrF, Steinar Reiten, (t.v.)og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF). Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I regjeringserklæringa fekk KrF gjennomslag for mykje av eigen landbrukspolitikk, mellom anna at det ikkje berre handlar om næringa åleine, men også om distriktspolitikk.

Jordbruksforhandlingane førte for første gong til auka utjamning mellom bønder og andre grupper i kroner og ikkje i prosent.

Annonse

Sterk satsing på frukt, bær og grønt er godt nytt for driftige vestlandsbønder. Diverre utan tak på produksjonen, så her må ein hive seg på!

Innanfor mjølkeproduksjon vart det gjort grep for å rette opp mindre gode struktur-grep frå då Listhaug styrte forhandlingane. Kanaliseringspolitikken er viktig for KrF, slik at maten vår i større grad kan produserast på lokalt for. Dvs. at styrken vår her vest, med gras og beite, vert utnytta til kyr og sau. Medan dei flate og fine areala austpå kan gi gode kornavlingar.

Så konklusjonen til ein glad og letta fylkesordførar for Vestland KrF er: Takk til eit KrF-styrt landbruksdepartement og til dei to faglaga for ein brukandes avtale for distrikta og for bøndene!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Måtehold i matveien