Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kravet er ein vits

Faglaga syner inga kjensle for stoda ute i landbruket.

Men har organisasjonane i det heile tatt rekna på kva beitebrukarane skal få i kravet sitt? Svaret er lommerusk, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Men har organisasjonane i det heile tatt rekna på kva beitebrukarane skal få i kravet sitt? Svaret er lommerusk, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

I forrige veke kom kravet frå landbruksorganisasjonane Noregs Bondelag og Noregs Bonde og Småbrukarlag. Dei går høgt på bana ved å hevde at dei veit at kravet er høgt og roper om 48.700 kroner meir per årsverk.

Men har organisasjonane i det heile tatt rekna på kva beitebrukarane skal få i kravet sitt? Svaret er lommerusk. Har organisasjonane i det heile tatt fått med seg antydingane som er komne frå grasrota og #Bondeopprør?

Svaret ser ut til å vere nei. Kva vil Bartnes og Hoff med dette kravet? Det ser heller ikkje ut som det er nokon næringar som ser ut til å vise litt nøgde med kravet dykkar.

Som ung beitebrukar på Sunnmøre, kan det i alle fall sjå ut til at NB og NBS ikkje ynskjer å rekruttere unge inn i landbruket. Dersom eg skal selje sjela mi til banken, og bruke all tid og kapital på å få til eit drivverdig livsverk, som forhåpentlegvis vil fortsette etter at eg ein gong i framtida skal overrekke det til neste generasjon, må det lønnsemd til, visst ikkje kan eg like godt selje dyra, låse fjøsdøra og la heimbygda mi gro fullstendig att, med mindre Bartnes og Hoff vil kome og eta orekratt?

Annonse

Håpet no er at staten med Bollestad i spissen og Stortinget stiller opp med meir enn kravet frå organisasjonane våre, og dersom dei ikkje gjer det, ser vi på facebookgruppa #Bondeopprør kva konsekvensane blir.

Unge vil ikkje satse, og dei som ikkje står med knea i gjeld og har seld sjela si til banken, kjem til å legge ned. Det blir ei enorm rasering av landbruket i Noreg, og konsekvensane vil bli mykje større enn dei anar. Turistnæringa ligger nede i dag. Og det vil ho truleg kome til å gjere, dersom landbruket ikkje får ei auka lønnsemd.

Det som organisasjonane krevjar i meir tilskot for mitt bruk vil bli spist opp av auka pris på forbruksartiklar, forsikring, straum, etc. Mitt bruk vil med andre ord ikkje sjå noko til det «høge» kravet frå landbruket. Det vil bli eit rasert landbruk som står att.

Den låge medisinbruken, dei høge krava til dyrevelferd og miljøvern, eit ope kulturlandskap, hensynstaking til biologisk mangfald, distriktsbusetting og mange arbeidsplassar står no i fare for å forsvinne. Dette er den største kampen i vår tids landbruk. Tyr, Kio og NSG har forstått det, fleire fylkeslag og lokallag i NB og NBS har også forstått det.

Spørsmålet er: Forstår dei andre aktørane i landbruket dette? Forstår KLF dette? Har Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fått med seg konsekvensane og frustrasjonen?

Kjære landbruksminister, regjering og Storting. No er det dykkar tur til å vise at dykk har forstått det som NB og NBS ikkje ser ut til å forstå. Bevar landbruket, auk lønnsemda og sikre god rekruttering i landbruket, også i åra framover.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Frp-er og bonde ut mot Frp i jordbruksoppgjøret: – Flåsete