Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftfôr og landbrukspolitikk

Kraftfôr er ein av dei viktigaste innsatsfaktorane i norsk jordbruk og vert brukt i alle husdyrproduksjonane.

Kraftfôr: Viktig innsatsfaktor i jordbruket. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kraftfôr: Viktig innsatsfaktor i jordbruket. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Gras og korn er dei to hovudproduksjonane i norsk jordbruk, mens dei kraftfôrkrevande produksjonane gris, eggproduksjon og kylling må reknast som tilleggsproduksjonar.

Prisnedskriving av korn til kraftfôr har vore gjort av omsyn til tilleggsproduksjonane og mjølkeproduksjonen, og er ein av hovudårsakene til overproduksjonen i husdyrproduksjonane. I mjølkeproduksjonen varierer kraftfôrbruken med bruksstorleik, geografi og beitetilhøve.

Annonse

Når ein snakkar om redusert kraftfôrbruk, vil ein ikkje gå ned til berre 10 prosent kraftfôr som nokre forskarar har gjort utrekningar ut ifrå, men redusere til dømes frå 40 prosent til 30 prosent kraftfôr eller frå 30 prosent til 20 prosent.

Dette kan ein få til med auka kraftfôrpris og auka produksjon av gras pr. dekar og etter nydyrking. I sum vil bonden tene på dette då ein foreining gras vert billegare enn ein foreining kraftfor.

Kompensasjon for dyrare kraftfôr må ikkje gjevast som auka mjølkepris som m.a. Svenn Arne Lie har teke til orde for, men som auka produksjonsnøytrale tilskot som småbrukstilskot i kumjølkproduksjonen, driftstilskot og arealtilskot.

Summen av ovannemnde vil verte betre økonomi i hovudproduksjonane i norsk jordbruk og overproduksjonane kan det verte slutt på.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagligvarebransjen profitterer grovt på økologisk honning