Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Korona-tiltaka gir små kulturhus store tap

Kompensasjonsordninga har store manglar som gjer at mange små, organisasjonseigde kulturhus ikkje er i posisjon til å søke midlar.

At alle kulturarrangement i første omgang er forbodne til 15. juni, verker like negativt inn på kulturhus-drifta på frivillig basis som for større profesjonelle føretak, skriv Christoffer Knagenhjelm. Her ser me Nortun ungdomshus i Sogndal. Foto: HiB
At alle kulturarrangement i første omgang er forbodne til 15. juni, verker like negativt inn på kulturhus-drifta på frivillig basis som for større profesjonelle føretak, skriv Christoffer Knagenhjelm. Her ser me Nortun ungdomshus i Sogndal. Foto: HiB

Dei organisasjonseigde kulturbygga – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa – er levande kulturarenaer, i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. Desse husa betyr mykje for samhald og identitet i små og større bygder og byar. Dei bidreg med kulturproduksjonar, gir lys i vindauge og aukar bulysta mange stadar. Dei siste åra har det òg skjedd særs mykje positivt kring desse husa. Mange hus opplever fornya engasjement, og dei vert brukt dagleg i lokalsamfunna.

Formålet med Huset i Bygda (HiB) er å hjelpe, støtte og inspirere desse organisasjonseigde kulturbygga. Slik vonar HiB å medverke til å skape meir synlege, sterkare og relevante kulturbygg med allsidig og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

Christoffer Knagenhjelm, rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane.Foto: HiB
Christoffer Knagenhjelm, rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane.Foto: HiB

HiB har stor respekt for det arbeidet som regjering og offentleg forvalting gjer for å handtere koronaviruset, og vi er opptatt av at myndigheitene skal få tid og moglegheit til å løyse desse utfordringane. Ikkje minst er vi glad for at Kulturdepartementet har utarbeidd eiga kompensasjonsordning for kulturfrivilligheita. Men vi er uroa for at dei organisasjonseigde kulturhusa skal verte gløymd i debatten kring offentleg støtte til kulturinstitusjonar og frivilligheita.

Spørjeundersøking utført av HiB i Sogn og Fjordane syner at desse husa i snitt i snitt vil tape om lag 45.000 på koronakrisa. Totalt snakkar vi eit estimert tap på minst 18 millionar berre for husa i Sogn og Fjordane i perioden frå mars til og med sommaren 2020.

Diverre ser vi at kompensasjonsordninga har store manglar i utforminga som gjer at mange kulturhus ikkje er i posisjon til å søke midlar. Til dømes er det stilt krav om minimum 25.000 i billett- og deltakaravgift. Mindre lag står dermed i fare for å ikkje få dekka tapte inntekter ved avlysing av til dømes konsertar og revyar, då dei ikkje vil nå denne grensa for billettinntekter.

Utforminga gjer òg at organisasjonseigde hus ikkje vil få dekka tap av som følgje av bortfall av utleigeinntekter og avlysing av marknadar og basarar. Desse utgjer mykje av inntektsgrunnlaget for mange hus. Utforminga av kompensasjonsordninga verkar difor urimeleg for kulturhus i små- og mellomstore lokalsamfunn, som utgjer mykje av busetnaden i Distrikts- Noreg. HiB oppmodar difor om at styresmaktene raskt ser på ein forbetring av kompensasjonsordninga.

For mange lag og organisasjonar som driftar lokale kulturhus på frivillig basis, er påske og mai to viktige månadar som bidreg med store inntekter som går til å dekke mange av dei faste utgiftene husa har resten av året. At alle kulturarrangement i første omgang er forbodne til 15. juni, verker like negativt inn på kulturhus-drifta på frivillig basis som for større profesjonelle føretak. Også dugnadsdrivne hus har faste utgifter som straum, forsikring og kommunale avgifter, som vatn og renovasjonsavgifter. Her vonar vi at kommunane òg er med på å ta ansvar for å støtte husa. Eit godt lokalt verkemiddel kan vere refusjon av kommunale avgifter for 2020 til organisasjonseigde kulturhus.

Diverre står koronaviruset i fare for å reversere mykje av det positive arbeidet som har vore utretta for og med desse husa dei siste åra. Huset i Bygda oppmodar difor styresmaktene om å sjå på korleis ein kan hjelpe desse husa. Eitt verkemiddel er at midlane som er sett av til kulturlivet, må innrettast slik at også desse husa kan få kompensert deler av tapa sine.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ap og Sp mot strømmen