Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Korleis vil Senterpartiet styrke politiet?

Senterpartiet har ingen alternative løysingar.

Lensmannskontor: Dette lensmannskontoret i Hol i Buskerud er framleis ope. Foto: Mariann Tvete
Lensmannskontor: Dette lensmannskontoret i Hol i Buskerud er framleis ope. Foto: Mariann Tvete

Når vi les Senterpartiet sitt alternative statsbudsjett ser vi ikkje at dei har nokon alternative løysingar på behova hos politiet sett i lys av eit nytt kriminalitetsbilde og rapportane etter 22. juli. Dei underfinansierer også lovnadane sine til politiet og gløymer å sette av pengar til saker dei går høgt på bana med.

Same dag som det alternative budsjettet vart lagt fram, gjekk Senterpartiet ut i Nationen og lovde å reversere 20 av dei totalt 126 lensmannskontora som vart lagt ned eller slått saman under omorganiseringa av politiet.

Med det kan det sjå ut som Sp stiller seg bak over 80 prosent av dei endringane som vart gjort i lensmannskontorstrukturen. Kanskje er partiet samde med regjeringspartia i at eit lågt bemanna lensmannskontor som har ope nokre få timar i veka ikkje gir reell tryggleik.

Politiarbeid på staden har vore ein prioritert og vellykka del av Nærpolitireforma. Til dette arbeidet treng politiet å ruste opp bilparken og anna utstyr slik at dei kan vere meir ute på vegen og møte folk der dei er.

Vi registrerer at Sp heller vil bruke politiet sine midlar på fleire kontor, men er ikkje i nærleiken av å sette av nok pengar i sitt alternative budsjett til å halde lovnadane sine. Det vil koste mellom 350 millionar og 400 millionar kroner å opne opp att 20 lensmannskontor. Senterpartiet har berre sett av 130 millionar kroner på politiposten som ikkje er øyremerkt til andre føremål.

Annonse

Kriminaliteten endrar karakter, flyttar seg og vert meir grenseoverskridande og organisert. På få år har tradisjonell vinningskriminalitet gått ned nesten 40 prosent, mens seksuelle lovbrot mot barn har auka med skyhøge 160 prosent. Derfor må også politiet endre seg. Nye kriminalitetsformer må møtast med økt spesialisering og fagkompetanse.

Hovudgrepet for å modernisere politiet er politireforma. Politiet skal jobbe på nye måtar og vere meir til stades der kriminalitet skjer. Det hjelper lite å patruljere i nabolaget dersom overgrepet skjer via datamaskina på guterommet.

Derfor betyr nærpoliti også å vere til stades på nettet. Med politireforma har politibudsjettet fått ei historisk auke noko som mellom anna har gitt oss 2800 nye politistillingar og nytt og betre utstyr.

Kva er Sp sitt alternativ? Senterpartiet seier dei er imot politireforma, men har ikkje lagt noko alternativ på bordet. Å reversere politireforma, som har kome så langt, er uklokt, og svarar ikkje på dei utfordringa vi har og vil få framover. I debatten er det mykje motstand, men lite konstruktivt innhald frå Sp.

Skal politireforma reverserast mister vi dei sterke fagmiljøa som mellom anna har løyst to av dei største overgrepssakene i noregshistoria: operasjon Sandra med 468 fornærma og operasjon Dark Room som avslørte 51 menn som har misbrukt minst 300 barn.

Politiet patruljerer no data like naturleg som gata, fordi ein har innsett at internett er ein «stad» der det oppheld seg mykje folk – også kriminelle. I dag kan du også møte og snakke med politiet direkte på nettet.

Politireforma handlar om langt meir enn kontorstad. Sp klamrar seg diverre fast til eit politi som hadde gått ut på dato.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Misvisende fra Nationen om "lakseskatt"