Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kor selektivt kan ein rapport lesast?

Det slett ikkje slik at norske bønder ikkje kan eksportere jordbrukssvarar til EU.

Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland les EØS-avtalen svært selektivt, meiner innsendaren. Foto: Nei til EU

«Det har vore ei ubalansert utvikling i handelen mellom Noreg og EU» kunne Nationen slå fast i ei stor overskrift 14. oktober. Saka var at i eit notat frå Stortingets utgreiingsseksjon frå 9. september i år, kom det ifylgje Nei til EU og Sosialistisk Venstreparti fram at intensjonen om ei gradvis handelsliberalisering med jordbrukssvarar mellom Noreg og EU, nedfelt i artikkel 19 i EØS-avtale, hadde vore lite fordelaktig i Noregs favør.

Saka handla altså om ein særs liten del av EØS-avtala, om enn ei viktig sak for ei viktig næring i Noreg. Men om du les notatet frå Stortinget, ser saka heilt annleis ut enn det leiar i Nei til EU Kathrine Kleveland og SV- politikar Torgeir Knag Fylkesnes påstår.

Annonse

For det fyrste er det slett ikkje slik at norske bønder ikkje kan eksportere jordbrukssvarer til EU. Som utreiinga syner, er kvotane for eksport og import mellom EU og Noreg gjensidige, men dei blir ikkje godt nok utnytta frå norske bønder si side. Ei viktig årsak til dette er sjølvsagt det høge lønns- og kostnadsnivået i Noreg, som det kanskje – kanskje ikkje – er mogleg å gjere noko med. Men i alle høve må det takast med i diskusjonane når EØS-avtala sin artikkel 19 er til debatt.

For det andre utgjer det meste av importen av jordbruksvarer frå EU til Noreg varer me ikkje kan produsere her til lands, ifylgje Landbruksdirektoratet. Det kan me lesa i utgreiinga. Om me skal starte produksjon av slike varar her til lands, vil det neppe påverke klimaet i den retninga Kleveland og Fylkesnes meiner er rett.

Nationen syner til forsking gjort av Frode Veggeland, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBO), og skriv at han seier det er «vanskeleg å konkludere med at handelsliberaliseringen har skjedd på ´gjensidig fordelaktig basis´, slik EØS-avtala seier». Men han blir òg sitert i utgreiinga på at «Det er vanskeleg å vurdere de konkrete effektene av handelsliberalisering under artikkel 19 og protokoll 3 på norsk landbruk og matindustri».

Dessutan legg han til noko me får eit framifrå døme på i Nationen 14. oktober: «Vurderingen vil varierer både med hvilket handelspolitisk ståsted man har og hvilke produkter det er snakk om».

Når det er sagt, syner utgreiinga at i 2018 vart det importert landbruksvarer frå EU til Noreg for 66 milliardar kroner, medan summen Noreg tente på eksport var på 11,2 milliardar kroner. Er ikkje det eit ganske godt tal for norsk landbruk?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Handlingsrommet i EØS-avtalen er her og nå!