Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Konkurransen i mjølkesektoren

Det må væra lov å meina at avvikling av monopola i Noreg ikkje har gagna distrikta i nokon stor grad.

Meieri: Eg vil åtvara sterkt mot å svekkja prisutjamningsordninga for mjølk ytterlegare, skriv Bjarne Undheim. Foto: Lars Bilit Hagen
Meieri: Eg vil åtvara sterkt mot å svekkja prisutjamningsordninga for mjølk ytterlegare, skriv Bjarne Undheim. Foto: Lars Bilit Hagen

For tida pågår det ein diskusjon om konkurransevilkåra i mjølkemarknaden. Eg var leiar i Rogaland frå 1999 til 2002 og leiar i Noregs Bondelag frå 2002 til 2008. Det var på min «vakt» jordbruket fekk denne utfordringa, og eg vil framføra nokre tankar om den pågåande diskusjonen om konkurransevilkåra i mjølkemarknaden, frå Norske Meieriers Salssentral sitt monopol til Stortinget sitt vedtak om konkurranse i mjølkesektoren ved hundreårsskiftet.

Saka var krevjande å handtera, ikkje minst i Rogaland, der Q-meieriet etablerte seg. Utan å ha tappa ein einaste liter mjølk garantete Q-meieriet ein høgare pris enn Tine. Utan ein politisk underforstått einigheit om tilførsel av kapital var dette umogeleg.

Fødselshjelp var nødvendig, men den må få ein ende.

Denne etableringa kom samstundes med kjøp og sal av kvote, stimulering av tilskot til samdrifter i mjølkeproduksjonen. Dette innebar ein rakett inn i strukturen på mjølkeproduksjonen der også robotmjølking kom for fullt.

Mjølkeproduksjon og påfølgjande storfekjøtproduksjon er den berande driftsforma i Landbruks-Noreg og avgjerande for eit landbruk/busetjing i heile landet. Utan landbrukspolitikkens sterke virkemiddel er det ikkje liv laga for det mangfaldet me ser i dag. Det er mange politiske berebjelkar i landbruket og det meste heng saman.

Sentralt i striden om konkurransen har vore kapitalavkasting i Tine og prisutjamningsordninga for mjølk (PU). I starten var det også nokre andre særordningar, som småmeieritillegg og distribusjonstilskot, og endå til løyvingar over jordbruksavtalen.

I dag handlar striden om tilskot og avgifter i PU. PU-ordninga er av stor verdi for jordbruket. Den er kalla eit kinderegg, med ein meirverdi på ca. 1 milliard for norsk landbruk. Dette ligg i skåla i dagens ueinigheit. Inntektene i PU kjem frå avgift på drikkemjølk, utgiftene går stort sett til faste produkt (ost). Konkurrentane til Tine har einsidig produksjon, anten flytande (Q-meieriene) eller faste (Synnøve Finden).

Annonse

Det er forståeleg at Q-meieriene ynskjer lågare avgifter då dette er ei utgift for selskapet. Det vert hevda at PU-ordninga er noko av det vanskelegaste verkemiddelet i jordbruket, og enkelte kan nok finna ting å harselera med, eller sei at dette skjønar me ikkje. PU-saka eignar seg heller ikkje for «blårussøkonomar», den er stappfull av politikk.

Eg er lokalpolitikar og tykkjer plan- og bygningsloven er minst like vanskeleg å forvalte. Ein liten digresjon, på synfaringar om byggjing i nabogrenda mellom to «liberalista» som var ueinige kunne eg ikkje anna enn kosa meg. Ein påberopa seg lova, men den andre meinte det var tullete lovar. «Slik går no dagane»

Eg sat fleire dagar i Oslo med undervisning av ein tidlegare tillitsvalt i Noregs Bondelag for å læra meir om PU. Vedkomande hadde også fortid som statssekretær i Landbruksdepartementet. Eg har framleis ei audmjuk inngang til ordninga, eg veit ikkje om eg i dag hadde bestått «eksamen». Men eg forventar at aktørane, anten det er bønder eller andre, ser verdien av PU-ordninga og ikkje set denne i spel.

Eg har stor respekt for dei som utforma denne og andre ordningar som gjev moglegheiter for geografiske og ulike strukturar i landbruket. Sonegrenser for kjøt, mjølk, frukt, grønt og kulturlandskap er viktige for eit landbruk i heile landet. Sjølvsagt vil det også her vera krav om ei «betre sone» (KR) frå fleire. Då er det viktig å tenkje seg om dette gagnar saka. Det har vore fleire krav om forenklingar frå forvaltinga opp gjennom åra. Slike gjennomgangar har ein tendens til at det vert fleire taparar enn vinnarar.

Det må væra lov å meina at avvikling av monopola i Noreg ikkje har gagna distrikta i nokon stor grad, anten det gjeld Tine, Telenor eller andre. Konkurranse er mest effektivt i sentrale område. Det er vel ingen som forventar at andre aktørar enn Tine etablerar seg i Nord-Noreg?

Det er snart att berre eit monopol i Noreg og det er Vinmonopolet, som nå har fått ein oppsving i koronatida, saman med norske butikkar på svenskegrensa. Eg har ikkje noko sans for sytet frå desse norske svenskehandlarane. Nå ser me kor mange arbeidsplassar me tapar på denne handlekøyringa over grensa.

Kva konkurransen i mjølkesektoren har gagna forbrukar og bønder kan det nok vere delte meiningar om. Men eg vil åtvara sterkt mot å svekkja PU-ordninga ytterlegare.

Fødselshjelp var nødvendig, men den må få ein ende. «Barnet må stå på eigne bein».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Økomelk er ikke rett priset