Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Konkurransar om togtilbod er fagleg uavhengige

Dei siste vekene har Thor K. Nissen og eg utveksla meiningar i Nationen om EUs fjerde jernbanepakke og konkurransane om drifta av persontogtilboda her til lands.

Svarar: Samferdsleminister Jon Georg Dale. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Svarar: Samferdsleminister Jon Georg Dale. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Det ser ikkje ut til at vi blir samde, men eg kan ikkje la hans innlegg 6. november stå uimotsagt. Nissen hevdar at regjeringa bevisst har arbeidd for at Vy skulle tape dei to konkurransane som hittil har blitt gjennomførte. Det er rett og slett ikkje sant.

Jernbanedirektoratet er etablert for å oppnå eit godt koordinert og effektivt jernbanetilbod, og har det overordna ansvaret for utviklinga av togtilbodet, mellom anna kjøp av persontransport. Konkurransar om persontogtrafikk blir gjennomført utan politisk innblanding.

Annonse

I konkurransane om trafikkpakkene Sør og Nord var kriteria pris og kvalitet litt ulikt vekta. Nissen spekulerer i at eg sto bak endringa for at Vy skulle miste togtilboda i nord. Grunnen var, ifølgje Jernbanedirektoratet, mellom anna at avgrensingar i infrastruktur og togmateriell gjorde det vanskelegare å heve kvaliteten på togtilbodet i Trafikkpakke 2: Nord enn i Trafikkpakke 1: Sør.

I båe konkurransane var det uansett togoperatøren som samla sett leverte det beste tilbodet som vann, Go – Ahead i sør og SJ Norge i nord. Dette var avgjerder som blei tatt på fagleg grunnlag av Jernbanedirektoratet – utan pålegg frå Samferdselsdepartementet. Vi tok avgjerdene til etterretning, slik vi òg vil gjere ved framtidige kunngjeringar.

Nissen meiner at dersom det skal vere konkurranse, må togoperatørane betale staten for leige av tog, reparasjon av tog og billettsystem. Som eg har skrive før har vi omorganisert jernbanesektoren mellom anna for å leggje til rette for nettopp dette, i tillegg til at den nye organiseringa gir spesialiserte aktørar som er best på det som er akkurat deira oppgåver.

Dei vinnande togoperatørane skal leige togmateriell av statlege Norske tog AS, reparasjon av togmateriell skal eigne togvedlikehaldsselskap utføre på togverkstadene til statlege Bane NOR og dei reisande kjem til å kjøpe billettar frå det statlege billetteringssystemet Entur. Dersom Vy framleis skulle eigd desse tre innsatsfaktorane, ville det ikkje ha vore konkurranse på like vilkår.

Nissen har rett i at jernbanereforma kostar pengar. I starten er det heilt vanleg for reformer som skal gi betre tenester. Men eg er veldig nøgd med at vi alt i alt kjem til å spare fleire milliardar kroner dei neste tiåra på reforma. Desse pengane kan vi bruke til å styrkje togtilbodet, slik at endå fleire reisande vil ta toget.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi skal styre norsk jernbane – ikke EU