Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kompetansehysteriet

Ein seier at samfunnet er blitt så komplisert. Ja vel, men eit samfunn vert ikkje meir komplisert enn det ein gjer det til.

Kompetansekrav kan drepa, fysisk og psykologisk. Kvifor? Fordi ein blir aldri god nok, skriv Svein Torgeir Dale. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Kompetansekrav kan drepa, fysisk og psykologisk. Kvifor? Fordi ein blir aldri god nok, skriv Svein Torgeir Dale. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Eg har vondt av ungdommen i dag. Ein vert målt på kva slags kompetanse du har, kva slags kvalifikasjonar du har. Ingen spør om kva du kan eller kven du er eller kva slags eigenskapar du har som individ. Nei, lat oss sjå på dine formelle papir eller dokument lenge før ein ser på personen sjølv. I mi tid, grodd opp på ei bygd i Vest-Telemark var det ingen som spurde om formelle kvalifikasjonar. Nei, dei spurde om: Kva kan du. Ok, deg har me bruk for.

Kompetansekrav kan drepa, fysisk og psykologisk. Kvifor? Fordi ein blir aldri god nok!

Det å stadig høyra: Du ikkje er god nok går ut over både personleg integritet, framtidshåp og trua på seg sjølv. Det bryt deg ned som menneskje. Eit viktig prinsipp i all form for læring er at det må vera samsvar mellom forventning og forutsetning for individet. Det vil si læring på individets premiss og ikkje statens.

Eg har vel ikkje høyrd ein politikar som talar om mangfaldssamfunnet der det også er fokus på personleg kreativitet, eigenskapar utanfor rammene av kvalifikasjonskrav i arbeidslivet. Alle ropar på kompetanse, kompetanse. Høgresida er særs opptekne av dette. Det går ikkje ein dag utan å høyre ordet kompetanse. Som ei kakofonisk tom frase utan meining.

Annonse

Når familieministeren talar om meir kompetanse for å handtere kriminaliteten blant barn og unge. Ja, han talar om mastergradsutdanning for å handtere dette. Då får eg ei kjensle av begrepet «psykolog». Dei som studerer det vi alle andre veit, altså det som så ofte handlar om sunn fornuft.

Trur verkeleg politikarar at alle typar av samfunnets utfordringar kan løysas med meir kompetanse eller fleire mastergrader eller bachelorgrader? Då skjønar eg at samfunnet er der me er. Verken kompetanse eller mastergrader isolert sett, kan løyse alle utfordringar. Personleg eigenskapar, kreativitet og evne til å lytte og forstå, lærer ein ikkje gjennom akademia. Gjennom mange år som terapeut i psykiatrien veit eg at den som evner å skape håp, bygge bruer, lytte gjennom den gode tillitsfulle samtalen er alltid den verksame delen av terapien. Eg seier ikkje at det ikkje er viktig med relevant utdanning, men det er ikkje det i seg sjølv som fremmer god helse for pasientane våre. Det er og blir gode personlege eigenskapar og relasjonnelle kvalifikasjonar hos terapeuten.

Attende til familieministeren.

Vi veit kva som skal til for å forebygge barne- og ungdomskriminalitet. Ein treng ikkje vera professor til dette. På 80-talet vart eit av skuleskipa nytta til seilas for vanskelegstilte ungdomar med godt resultat. Eit opplegg med grenser, tillit og ansvar gjennom tre månader. Dersom ein verkeleg vil, finst det mange gode idear rundt dette, men slikt blir ofte øydelagt av akademiske flosklar. Det å bli sett for den du er utan stigma, for den du er. Det å sjå etter eigenskapar i individet og utvikle det i eit godt miljøtiltak er særs viktig. Til dette trengst ikkje mastergrader eller formalkompetanse, men menneskje som evner å forstå, sjå og lytte og har kreative og relasjonelle eigeskapar. At dette arbeidet i byane våre vert nedprioritert til fordel for symbolpolitikk, konsulenthonorar eller andre ting som politikarane synest er viktigare. Likevel skrik dei opp når barn og ungdommar begår kriminalitet og ropar på tiltak. Ja, visseleg eit paradoks.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kva med Nesna, statsråd Asheim?