Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimasukk ved kjøkenbordet

Det har blitt litt betre tid til aviser og funderingar ved kjøkenbordet etter at mjølkeroboten kom i drift.

Kvifor sender me milliardar av kroner i form av avgiftslette til Silicon Valley (Tesla) og utvikling av elbilar der, i staden for å bruke energikompetansen vår til å utvikle utsleppsfritt på eigen kjøl? Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Ja, eg skulle vel eigentleg ha vori ute i våronnarbeid, men samvitet over å sitje ein kaffikopp ekstra, er betre no enn før – pga. den nye drengen. Dermed blir det overskot og tid til meir avislesing – og ikkje berre i Nationen...

Kraftforvirring, skreiv Chr. Anton Smedshaug i ein kronikk i Klassekampen den 15. mai. Det handla om kor lite landet vårt har lagt til rette for ein god industriell plan i samband med elektrifiseringa, særleg av samferdselen. Og Smedshaug har både ein treffande tittel og eit særs godt poeng i det han skriv.

For var det ikkje nett kompetansen og kunnskapen frå kraft- og oljeindustrien som skulle vera navet i det grøne skiftet? Kvifor sender me milliardar av kroner i form av avgiftslette til Silicon Valley (Tesla) og utvikling av elbilar der, i staden for å bruke energikompetansen vår til å utvikle utsleppsfritt på eigen kjøl? Slik kan me vel sikre ny industriutvikling og arbeid for framtida, nett slik vasskraftutbygginga og oljeindustrien har gjort? Ja, det er både pussig og trasig at landet vårt hyser 10 prosent av verdas elbil-stall, utan å stå att med meir av verdiskapinga enn salsledd og ladestasjonsmontering.

Og ein kan bli kraftig forvirra av vindkrafta også. Her gjeld i fylgje Smedshaug mykje av det same. Her i fjell- og hauglandet importerer me heile vindkraftanlegget ferdig, subsidierer det med oljekroner, og minimalt av verdiskapinga ligg att i steinrøysa. Det paradoksale er, at satsinga på elbil og vindkraft på land, vert subsidiert av oljeinntekter!

Me fossilistar skal vera glade for at nokon tek børa med å kjøpe og prøve ut ny teknologi.

Annonse

Det hadde vori vel og bra, dersom me samstundes bygde opp ein infrastruktur rundt, men det har altså ikkje skjedd i nemneverdig grad. Smedshaugs poeng er altså at me kjøper heile pakka, i staden for å utvikle den sjølv og på den måten skape ny næring og nye arbeidsplassar. Og jammen er det rart at dette ikkje er eit tydeleg tema i næringspolitikken, så gode erfaringar som me har med industriell utvikling på vasskraft og olje her til lands. Eller har me rett og slett blitt så mette at me har mista framdrift til utvikling?

Eg vonar ikkje det, men trur kanskje at det er eit tema som er kraftig underkommunisert. Me vil så gjerne bli dei flinkaste i klimaklassa (meg sjølv inkludert)! Blinda av dårleg samvit over eigen oljerikdom, har me kasta oss over dei produkta som allereie finst, utan å ta oss tid til å ta del i produktutviklinga.

Eg er ingen klimaskeptikar, og ikkje er eg veldig skeptisk til elbilar heller. Derimot irriterer eg meg over skadefro fliring frå fossilisten, når elbilisten kjem ein halvtime seinare fram pga. ladestopp. Me fossilistar skal vera glade for at nokon tek børa med å kjøpe og prøve ut ny teknologi. Desse køyretya er slett ikkje perfekte, men at det finst elbilkundar, og at me er mange som kan tenkje oss å bli det, gjer at produsentane får både økonomi og hug til å gjera bilane endå betre. Eg skulle berre ynskje at mykje meir av denne utviklinga skjedde her til lands – all den tid me bestemte oss for å bli verdas beste el-bilkundar.

Ein annan ting eg undrar meg over, er kor lite fokus det er på ferieforbruk og klima. Ferie er blitt ei slags heilag ku, som for all del ikkje kan kritiserast. Etter månadsvis med knallhardt arbeid, lokkar ein velfortent ferie. Sjølvsagt unner eg folk fri og ferie, men nåde den som set spørsmål ved klimautslepp i samband med arbeidskvila. Me skal altså sykle, gå eller reise kollektivt til og frå arbeid, og me skal eta vegansk, men så fort ferien kjem, er det liksom slutt på miljømedvitet. Då ventar ein velfortent ferie i fjerne himmelstrøk, gjerne etterfylgt av tre-fire veker på hytta.

Store delar av oss skal altså reise langt – helst med fly, før me landar i eit ferieparadis der kolfyrte kraftanlegg går for fullt for å forsyne air-conditionanlegget med straum nok til å kjøle oss ned etter actionfylte klimagassprompande aktivitetar. Vel heime på hytta ventar ein fritidsbåt eller to med fossilt brensel, som me freser rundt i berre for moro. Og eg vedgår gladeleg at det er moro! Men det minner veldig om festkulturen i "gamle dagar", då ein arbeidde, var pliktoppfyllande og skikkeleg i veka, medan ein tok seg aldeles ut på laurdagskvelden utan tanke for dagane etter.

Kvar har det blitt av godt gamaldags måtehald?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Behov for 800 færre vindmøller med energieffektivisering av bygg