Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimapolitikken skal vere målretta og visjonær

Skal vi nå klimamåla, må vi binde karbon i både norske og brasilianske skogar.

Regjeringa jobbar for auka opptak og redusere utslepp både i Noreg og i utlandet, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Berit Roald / NTB
Regjeringa jobbar for auka opptak og redusere utslepp både i Noreg og i utlandet, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Berit Roald / NTB

På leiarplass 3. november skriv Nationen at norske klimagassutslepp gjekk ned 3 prosent frå 2018 til 2019, og dermed var dei lågaste sidan 1993. Samstundes kjem avisa med nyttige og konstruktive bidrag til måtar å redusere utsleppa ytterlegare, og auke opptaket av CO2 i Noreg.

Les Nationens leiar:

Annonse

Nationen og eg er samde om at vi i større grad må bruke skogen i Noreg for å binde meir karbon, og særskilt skogen er viktig når regjeringa snart legg fram ny klimapolitikk for Stortinget

Samstundes merka eg meg eit paradoks i leiaren. På den eine sida vil Nationen styrke norsk skog sitt bidrag i klimakampen. Der er vi samde. På den andre sida snakkar Nationen ned regjeringa si regnskogssatsing, som dei hevdar har uklar måloppnåing. Dette er paradoksalt. Og her er vi heilt usamde.

CO2-opptak i norsk skog og vern av regnskogen er to sider av same sak. Om skogen får stå, binder han karbon og bidreg til å redusere den globale oppvarminga. Avskoging, både i Noreg og i Amazonas, bidreg tvert om til auka klimagassutslepp. Difor må vi spele på lag med, og bruke, naturen i kamp mot menneskeskapte klimaendringar både i Noreg og ute i verda.

Regjeringa jobbar for auka opptak og redusere utslepp både i Noreg og i utlandet. I Noreg gir vi stønad til skogeigarar gjennom ulike klimatiltak i skog, og vi restaurerer våtmark så ho ikkje slepper ut CO2. Internasjonalt har vi eit vellukka samarbeid med ein rekkje tropiske skogland, og det har gjeve gode resultat. Vårt fremste mål er å bidra til å redusere avskoging i land med tropisk skog. Brasil, Ecuador, Colombia og Guyana har samla redusert utsleppa frå avskoging med meir enn 4 milliardar tonn CO2 det siste tiåret. Det er 70 gonger dei årlege norske utsleppa. Avskoginga i Indonesia går betydeleg tilbake.

Norske utslepp går ned under denne regjeringa. Det er eg glad for. Men viss vi ikkje tek vare på regnskogen vert det langt vanskelegare, for ikkje å seie umogleg, å stogge dei farlege klimaendringane. Difor må klimapolitikken gjere fleire ting på éin gong: kutte utslepp, auke CO2-opptaket og arbeide internasjonalt for å ta vare på regnskogen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kysten er ikke uoppdaga land!