Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klangen som forsvann

Stadig fleire kyrkjer vel å gå over frå manuell ringing til elektrisk ringing. Med det er ein tusenårig religiøs praksis og kulturtradisjon i ferd med å forsvinne. Like greitt?

Omsorga: Når livet blir sett på prøve, er det omsorga frå eit menneske som hjelper oss vidare. Krafta frå ei hand i eit klokketårn, til dømes. På biletet er Dovre kyrkje. Foto: Knut Aastad Bråten
Omsorga: Når livet blir sett på prøve, er det omsorga frå eit menneske som hjelper oss vidare. Krafta frå ei hand i eit klokketårn, til dømes. På biletet er Dovre kyrkje. Foto: Knut Aastad Bråten

Eg høyrde dei førre veke. Det var gravferd denne gongen. Ein gamal krok hadde takka for seg, og no skulle han senkast i den svarte jorda. Frå tårnet høyrdest etterklangen frå tre gonger tre slag. Lyden ber over bygda. Det er som om klokkene talar på vegner av oss alle. Eit klangleg takk og farvel.

I 1000 år har kyrkjeklokkene vore ein integrert del av ein kristen liturgi og kulturtradisjon her i landet. Men klokkeklangen ber vidt og langt, ut av kyrkjerommet, ut til den ytste avkrok. Klokkene definerer tid og rom; dei er klangen i landskapet og rytmen i ein livssyklus.

Klokkene talar til kvar einskild, og til heile samfunnet. Kristen eller ikkje. Dei kallar til messe, til sorg og glede. Og dei set oss i stemning. Klangen frå kyrkjeklokkene ber over alle andre lydar, som eit klangleg felleseige, eit mediterande lydteppe frå æva.

Men noko er i ferd med å skje: Å ringe med kyrkjeklokker er ikkje lenger like sjølvsagt. Stadig fleire kyrkjer går vekk frå tradisjonen med manuell ringing og koplar i staden klokkene til straum og kablar, appar og knappar. Den levande klangen frå kyrkjeklokkene er ikkje lenger like levande, forma av menneska, men automatisert, utført av maskiner.

I Noreg finst 1637 kyrkjebygg, ifylgje Kyrkjebyggdatabasen. I tillegg finst 469 bygningar vigsla til kyrkjeleg bruk. Ein tilstandsrapport frå 2018 om 1628 kyrkjer viser at ikring 50 prosent av dei berre har automatisk ringing – og fleire blir det. Kvart år blir eit titals nye klokker automatiserte. I einskilde kyrkjer er engasjementet og viljen til å halde fram med den manuelle ringinga stor. I andre sokn er vegen til installering av elektrisk ringing kort.

Held trenden fram, vil det vere slutt med den manuelle ringinga innan fåe år. Eit stort tap for tradisjonen, for dei liturgiske handlingane, for den immaterielle kulturarven, for lyden av fellesskapen og for kvar einskild av oss.

Kvifor er det viktig at ringinga blir utført av menneske? Er ikkje lyden frå maskindrivne klokker like god som den manuelle? Klokkeringing er ein vesentleg del av liturgien i kyrkja, og ei klangleg ramme omkring dei såraste hendingane i liva våre: Klangen frå klokka er aldri tilfeldig, men står i eit integrert forhold til menneska rundt og himmelen over.

Annonse

«Eg må ringe varleg når ein liten unge blir lagd i grava», fortalde ein kyrkjetenar på eit nasjonalt seminar for kyrkjeklokker i 2018. Det er ikkje maskinar som gjev ro til den sørgande sjela, men pulsen frå eit anna menneske.

Klangen frå kyrkjeklokkene ber over alle andre lydar, som eit klangleg felleseige, eit mediterande lydteppe frå æva.

Kyrkjeklokkene i Noreg står i ein særleg posisjon, med særleg mange kyrkjeklokker frå mellomalderen. Det er registrert nær 260 kyrkjeklokker frå mellomalderen i Noreg. Noreg ber på eit stort ansvar for kyrkjeklokkene, både med å trygge og sikre det fysiske vernet, og å forvalte og vidareføre bruken og kunnskapen om dei. I 2007 ratifiserte Noreg konvensjonen om den immaterielle kulturarven. Den forpliktar oss til å føre ein politikk som sikrar kulturarven for ettertida, – også ein manuell klokketradisjon. Tek Noreg dette på alvor?

Har det noko å seie om klokkeklangen blir utført av ein app eller ein tilårskomen kyrkjetenar? Ikkje alle er opptekne av pulsen frå handa, eller kulturarven, for den saks skuld. Bakgrunnen for at ein tusenårig tradisjon blir avvikla, er for det fyrste økonomi og HMS-regelverk, og for det andre fråvær av kunnskap. Økonomien i mange kyrkjer er skral og lite føreseieleg. Fleire av kyrkjene er bitne av ein effektiviseringsiver og eit ynske om å lette arbeidskvardagen til dei tilsette med enklare, mindre ressurskrevjande og tilgjengeleg teknologi. Det er òg forståeleg.

Per i dag er det ingen som tek eit overordna ansvar for den manuelle klokkeringinga i landet, i motsetnad til i fleire andre land, til dømes Danmark og Tyskland, Nederland og Frankrike, der dei har eigne tilsette klokkekonsulentar. Kirkens arbeidsgiver- og interesseorganisasjon har kurs og skulerer kyrkjeleg tilsette, men organiserer ikkje kurs i klokkeringing. Utdanninga for kyrkjeleg tilsette i landet prioriterer heller ikkje formidling av kunnskapen om kyrkjeklokkene. Temaet er overlate til sokna sjølve – og til dei med særleg interesse.

Å ringe med kyrkjeklokker er teknikk og tradisjon, liturgi og musikk. Den sikrar vi best når menneska sjølve tek hand om han, pleier han, skapar han. Då må vi unngå at kunnskapen forsvinn i automatikken, men sørgje for at tradisjonen får halde fram – i nevane.

Eg høyrer etterklangen frå dei gamle klokkene. Den kraftfulle lyden slepper liksom ikkje taket i meg, men festar seg, blir verande.

Når livet blir sett på prøve, er det omsorga frå eit menneske som hjelper oss vidare. Krafta frå ei hand i eit klokketårn, til dømes.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kan Jeremy Clarkson lære folk noe om gardsdrift?