Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøtkaker, promp og litt meir

Denne klimadebatten er ei underleg øving. Særleg frå ein lekmanns ståstad.

Om jortardyr er største miljøverstingen her i landet, kva skal ein då seia om dei uendelege flokkane av ville jortardyr på andre kontinent? Foto: Hilde Lysengen Havro.
Om jortardyr er største miljøverstingen her i landet, kva skal ein då seia om dei uendelege flokkane av ville jortardyr på andre kontinent? Foto: Hilde Lysengen Havro.

Aldri er vel det vanlege mennesket lagt so vilkårslaus i vitskapens vald. Aldri har det vanlege mennesket hatt so lite oversyn over dei åtgjerder som blir tredd ned over hovudet på det.

Alle partar seier at «forsking sier». At forskinga og kan ha motstridande meiningar, blir ikkje teki omsyn til når avgjerder skal takast. Dei som tek avgjerder er politikarane. Og det kan av og til sjå ut som om politikarane tek avgjerder som dei trur tek seg best ut for veljarane.

Forskinga har ikkje berre ei sanning, men fleire, og jamvel motstridande. Aktuelt i desse tider med platformforhandlingar osv., er freding myr.

Sjølvsagt gjeld det landbruk. Myra skal fredast, sjølv om det langt frå er sikkert at dette gjev den store klimagevinsten.

Eg spør: Er det i oppdyrkingsfasen myra frigjev CO2? Eller vil myra frigjeva CO2 ved kvar pløgjing seinare og? Etter kvart vil det vel laga seg eit jordlag som ikkje er verre enn vanleg jord?

Blir det utslepp kvar gong ein pløgjer eit jordstykke eller ein åker?

Når ei eng blir liggjande uslegen og graset visnar, kva då? Kva med fotosyntesen?

Ja, eg spør eg. Ein dåre kan spørje meir enn ti vise kan svara. Og i denne samanheng er det sikkert tusenvis av vise. Men ein kan heller aldri forspørje seg.

Før me fekk bruk av fossilt brensel, var det visst ikkje utslepp som øydela klimaet. Kvifor var det ikkje so uhorveleg mykje utslepp frå alle jortardyr då?

No er det dei som i fullt ålvor vil slutte med kjøtproduksjon på grunn av dette utsleppet. Ja, det er vel au av omsyn til dei stakkars dyra, som må bu i fjøs og bli utnytta på det grovaste av desse hersens dyreplagarane med sugerøyr i statskassa som det heitte den tid eg sjølv plaga NRF-kyrne mine.

Det var litt om myr og kjøt. Det er desse to utsleppskjeldene som får absolutt størst spalteplass. Lovsongen om elbilen hoppar eg over no. Den er og blir eit by-fenomen, sjølv om der er godt utbygd kollektivtrafikk. Utover bygdene der bilen er nødvendig, blir bilhaldarane straffa med auka avgifter på diesel og bensin. Det skal få folk til å skaffe seg elbil!

Bøndene som er avhengig av traktor skal slutte med det. «Avgift virker» heiter det. Men traktoren må brukast, same kva politikarane seier.

Annonse

Nok om det. I alt dette snakket om myr og ku-fis og avgifter, er det veldig lite snakk om eitt tiltak som kan minske utsleppet mykje og raskt, utan at det er til vesentleg skade for folk. Det er ingen som torer snakke om den uhorveleg mengd lystreiser med fly. Dersom dette blei redusert ville ingen ha vondt av det. Det ville vel vera til skade for turistnæringa på sudlegare breiddegrader, men dei ville nok greie seg utan so mange norske turistar. Somme ville jamvel vera glade til, etter som eg kan forstå.

Me blir tuta øyro fulle av kor kritisk stoda er. Menneskeslekta er i fåre dersom me ikkje får ned utsleppa.

I krisetider har landet vårt opplevd at ting blei rasjonerte. Under siste krig var det rasjonering på mest alle varer.

Klimakrisa er det verste me kan oppleva, men likevel – reise med fly skal me. Er det ikkje mogleg å redusere utslepp i stor skala med å rasjonere fritidsflyreiser? Er det ein umogleg tanke, når stoda er slik ho er?

I dataalderen kunne vel næringslivet og ta storparten av møta sine gjennom eteren. Me kan ta oljen med også. Nok ei heilag ku.

I staden er det matproduksjonen som skal bera byrda her i landet. Soleis blir det når folk innbiller seg at importert mat alltid vil vera tilgjengeleg.

Det er òg dei som meiner at grasmarker skal leggjast att, i strok der det ikkje er mogleg å dyrke matplanter. Skogen skal vekse til, og dyra skal få ein stad å leva sine frie liv (so sa ein veganar i eit TV-program for ikkje lenge sidan).

Noreg er eit grasland. Store beiteressursar og gode grasavlingar, også der det berre er vokstersesong til ei hausting.

Trur folk at det ikkje er prøva med til dømes grønsakdyrking både høgt over havet og langt mot nord? Røynslene sa at dette var vanskeleg.

Mennesket har i heile sin eksistens streva med å finne seg mat. Ifrå samlarstadiet til jakt og fiske og etter kvart som fastbuande med tame husdyr.

Utan at jorda gjekk under. Om jortardyr er største miljøverstingen her i landet, kva skal ein då seia om dei uendelege flokkane av ville jortardyr på andre kontinent?

Andre land vil aldri slutte med produksjon av kjøt frå jortardyr. Men vesle Noreg skal gjeva avkall på det friskaste og minst «forureina» kjøt i verda. Og berre fordi ein ikkje vil gje avkall på 2-3 utanlandsreiser i året. Er det logisk? Slik stoda er?

Kjøtproduksjon gjev arbeidsplassar og nyttar ut ressursar som ikkje kan nyttast til anna. Enno er det langt frå at konsekvensar og effektar er greidde ut når det gjeld både nydyrking av myr, bruk av skog, bruk av gras, transport (herunder elbil og flyreiser), tilsetjing i krøter-fór, effekt i andre land osv.

Som det høyrest ut på mange, ville det rettaste vera å slutte og dyrke jorda, gå attende til samlarstadiet og la ville jortardyr prompe og jorte til dei blei mat for rovdyr eller daua i ei gòrrmyr.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tilbake til vannkraft?