Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøt og smak - sauen må fram

Sauekjøt er svinaktig godt.

 Foto: Mariann Tvete
Foto: Mariann Tvete

Takk til Benjamin Hernes Vogl som i Nationen 5. november skriv ein opplysande artikkel om det undervurderte sauekjøtet. Som det heiter i tittelen: – En gåte at sauekjøttet ikke verdsettes mer.

Frå ein forskar får me høyre at forbrukarane vel bort sauekjøt på grunn av smaken. Då lyt ein spørja: Når butikkane mest ikkje har sauekjøt eller sauekotelettar å selja, det går ut av kosthaldet, og når unge og vaksne ikkje blir vande med smaken, er det ikkje å undrast at etterspurnaden går ned og til slutt blir definert som noko «sært.»

Annonse

Eg var nyleg på Færøyane. 50.000 menneske lever i fred og harmoni med 80.000 sauer rundt seg og oppe i skråningar og ved stup. Men 80.000 er for lite. Dei må spe på med import. I butikkane såg me importert sauekjøt heilt frå Falklandsøyane og New Zealand.

Potensialet for sauekjøt er stort. Det er meir enn svinaktig godt. Det er økologisk korrekt å eta kortreist mat og nytte ut norsk utmarksbeite. Eg trur på produktutvikling, med tilmålte porsjonar og tiltalande emballasje. Og for all del: Hald veganarar og vegetarianarar borte, før dei øydelegg fleire næringar.

Eg spør: Kan Nationen på folkevis forklare oss matglade og småsparande sjeler kvifor det ikkje er meir sauekjøt å få tak i? Kven er det me skal rette plakatane mot i eit komande protesttog? Bøndene? Butikkjedene? Landbruksorganisasjonane? Miljørørsla? Eller andre?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

La oss slå av lysa!