Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøt, mat og klima

Aktuelle tiltak for å berga klimaet kan vera så mangt. Men i Norge har det i alle fall teke ei merkeleg retning med nokre av forslaga i Klimakur 2030.

Kjøtt: En del av en saueskrott skal tilberedes. Foto: Benjamin Hernes Vogl.
Kjøtt: En del av en saueskrott skal tilberedes. Foto: Benjamin Hernes Vogl.

Her er eitt av dei viktigaste tiltaka å redusera utsleppa frå landbruket. Ved første augekast kan det verka fornuftig for mange, men når ein ser resultata av slike tiltak, må nokon kvar lura på kor fornuften har teke vegen.

Det kanskje mest omtala tiltaket er å redusera produksjonen av raudt kjøt ved sterk nedgang i talet på drøvtyggjarar; ku og sau. Norge er eit grasland, og når grasareal ikkje kan brukast fullt ut, fører det til at 1 million dekar vert liggjande brakk, det vil seia at dei gror til med busker og kratt.

I staden for å bruka graset til mat skal vi importera maten frå andre land, gjerne kjøt og. Det siste fordi raudt kjøt produsert i eit anna land belastar ikkje norsk klimakvote, men utsleppa vil likevel verka på vårt felles globale klima.

Her er vi ved det viktigaste punktet: Skal slike tiltak som foreslått i rapporten verkeleg mona, må nær sagt alle land gjera det same. Det betyr ei storstilt brakklegging av grasareal og sterk reduksjon i matproduksjonen. Dette rimar svært dårleg med at FN seier matproduksjonen i verda må auka med 60% fram til 2050 på grunn av auken i folketal.

Drøvtyggjarane må spela ei viktig rolle i dene auken. Det er berre dei som kan gjera gras om til mat for oss, og så lenge ca 35% av landarealet i verda er grasareal er dei svært viktige i matproduksjonen framover. Mykje av grasarealet er ikkje jordbruksland i dag, og litt, men svært lite, kan brukast til andre vekstar enn gras. Dette grasarealet er difor den ressursen vi kan spela på i framtida for auka matproduksjon.

Annonse

Drøvtyggjarne si betydning kan illustrerast med dette: Dersom vi under påskot av å redda klimaet, fjernar alle drøvtyggjarar frå matproduksjonen i dag, vil dette skje.

1. Alle mjølkeprodukt blir borte (mjølk frå planter ikkje medrekna).

2. Alt kjøt frå storfe og småfe blir borte.

3. Samla matproduksjon i verda vil gå sterkt ned.

Nedgangen i matproduksjon kan ein rekna seg fram til ved å sjå på FAO-statistikken for mat produsert av drøvtyggjarar, både mjølk og kjøt. Noko av dette er produsert på anna fôr enn gras. Ved å korrigera for eit innslag på 30 % anna fôr vert resultatet ein reduksjon i tilgjengeleg mat som tilseier at 1 milliard av oss må svelta.

Det er altså ikkje berre snakk om å skifta matvarer. Vi må og ta omsyn til kva som er mogleg ut frå naturgitte tilhøve. Dermed har drøvtyggjarar ein viktig plass i matforsyninga, og vi er heilt avhengige av dei. Men dei må vera med på ein effektiv og korrekt måte.

Konklusjonen er at eit balansert kosthald er det beste for både oss og planeten. Effekten av kjøtfrie dagar og liknande kan best karakteriserast som eit slag i lause lufta eller rett og slett berre tull. Klimatiltak må dreia seg om effektivitet i bruk av naturressursar, ikkje kutt i dei naturlege prosessane. Bruk av fossilt brensel må ned fordi det representerer utslepp i tillegg til dei normale naturprosessane.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kunnskap, det er farlig det