Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjære ungdommar – ikkje høyr på oss!

Hei, du som skal bruke sommaren til å bestemme deg for kva du skal gjere med livet ditt. Ikkje la etterpåklokskapen til mor, studiegjelda til far eller separasjonsangsten til bestemor stå i vegen for framtidsplanane dine.

Flust med råd: Kom deg ut, ikkje høyr på etterpåkloke vaksne, skriv spaltisten. Foto: Berit Roald/NTB scanpix

Det nærmar seg fellesferie. Midt i osen frå svidde sommarkotelettar, kløinga på irriterande myggstikk og avisframsider som åtvarar mot flått, sit ein heil ungdomsgenerasjon og prøver å finne ut kva dei skal gjere med liva sine. Å vere rundt 20 er eit enormt privilegium. Du er på det stadiet i livet der du kan velje i eit hav av framtidsmoglegheiter. Men det er ikkje berre berre å skulle bestemme seg for kva retning ein vil gå i. Flaks for deg at du har enormt mange folk i ryggen som er klare for å ta dei vala for deg.

For bakom ein ungdomsgenerasjon som prøver å finne ut kva dei skal gjere med liva sine, sit generasjonar av tidlegare ungdommar som lurer på det same. Og som sjølv meiner at dei er ekspertar på å ta framtidsval. Kanskje ikkje på vegner av seg sjølv, men definitivt på vegner av folk som er yngre enn dei. Dette er generasjonar av folk som har studert, ikkje studert, flytta for tidleg heimeifrå eller aldri flytta i det heile tatt, folk som har lese noko i avisa, sett noko på tv, folk som har høyrt noko frå nokon om noko som angår ditt framtidsval, folk som har gode erfaringar og dårlege erfaringar med vala dei sjølve har tatt gjennom livet. Generasjonar av heilt vanlege folk som no ser sitt snitt til å kunne sameine denne miksen av kunnskap, erfaringar og meiningar inn i ein cocktail av livsråd for ungdommen av i dag, ein cocktail dei gjerne vil kalle fasiten.

Alle desse generasjonane av ungdom før deg, kjem til å få blod på tann rundt 20. juli. For då tikkar meldinga frå Samordna opptak inn. Meldinga som skal knuse draumar, forsegle framtidsplanar eller gjere vala endå vanskelegare for folk. Altså for deg, som i løpet av berre fire dagar må bestemme deg for kva du skal takke nei til og kva du skal takke ja til. Kvar du skal flytte, korleis du skal bu, kva du skal studere. Hausten som er starten på resten av livet og som i desse fire dagane midt i fellesferien kjennast så avgjerande.

Annonse

Det er veldig bra å komme til ein plass der du ikkje er dottera til mor di eller søstera til bror din, men først og fremst deg sjølv.

Og midt oppi dette er det nok av råd å få. Nokon av dei er gode, nokon er svært dårlege. Bruk for eksempel ikkje bestemor di som synest det er trist at du flyttar så langt heimeifrå, som rådgjevar i busettingsspørsmål. Om du vurderer å studere i Oslo og har ei tante som framleis er mørkredd etter å ha sett Døden på Oslo S på VHS i 1991, ville eg ikkje lagt for stor vekt på hennar råd heller. Og så er det mange som seier at du bur på den beste plassen i verda og aldri kjem til å få det betre om du flyttar ein annan stad. Det får du aldri vite før du har testa det ut sjølv. Kom gjerne tilbake, og ikkje gløym kor du kjem ifrå. Men flytt på deg. Det er bra å sjå noko anna, og bra å sjå plassen ein kjem ifrå, utanfrå. Bra å bryte opp fastlåsne strukturar og veldig bra å komme til ein plass der du ikkje er dottera til mor di, søstera til bror din eller barnebarnet til bestemora di, men først og fremst deg sjølv.

Høyr heller ikkje for mykje på dei som har lese for mange avisartiklar om privatøkonomi og ber deg ta val ut frå det. Ikkje bruk dei neste åra til å gruble over pensjonspoeng og leilegheitskjøp og investeringar og kor mykje du eingong skal betale tilbake på studielånet. Det kan du gjere når du har blitt 25. Nyt fridomen no, og la betalingspåminningane frå Statens lånekasse komme som ei negativ overrasking i nettbanken når du har begynt å jobbe.

Det er gode dagar framover for oss som var 19 år før deg, vi som både har studiegjeld og studiepoeng vi aldri har brukt til anna å enn å komme vidare i ein trå samtale på ein fest. Som har gjort ting som ikkje var så fornuftige, og som er fulle av etterpåklokskap.

Mitt beste råd til deg: Ikkje høyr på oss. For den einaste matnyttige etterpåklokskapen i verda, er den du har opparbeidd deg sjølv. Og det blir det rikeleg med moglegheiter til utover hausten, same kva du vel å gjere.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Genredigering av storfe