Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kanskje kjem kongen!

Når me ser og høyrer på presidentar og andre i tilsvarande posisjonar har me eit kongepar som me kan væra stolte av.

 Kong Harald og dronning Sonja fartar rundt. Her er dei på besøk i oldtidsbyen Petrea i Jordan under eit statsbesøk. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Kong Harald og dronning Sonja fartar rundt. Her er dei på besøk i oldtidsbyen Petrea i Jordan under eit statsbesøk. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kongeparet vårt har mange oppgåver, store og små, i heimlandet og utlandet. Her heime har det vore mange statsråd på Slottet, med utskiftingar i fleng. Det let eg liggje no, eg tenkte heller å knyta nokre kommentarar til dei større hendingane.

Kongeparet har vore gjennom prøvelsar i næraste familie. Det syner at hendingar råkar dei likt som resten av befolkninga. Skilnaden er at deira lagnad gjer at slike hendingar er av offentleg interesse, som alt anna familien foretek seg.

Alt slår tilbake på kongeparet, positive og negative hendingar. Til større familien vert, til meir krevjande vert det. Ein kan sjå på kongehuset i Storbritannia, som no må finna løysingar for nokre i familien som ynskjer ei anna rolle for framtida. Utsegnet "små barn, små problem, større barn, større problem" gjeld for dei fleste, også kongelege.

Kongeparet var nett på vitjing i Midtausten, og noko tidlegare vitja dei Kina. Det ser ut for at di meir krevjande forhold Noreg har til enkelte land, di meir har me bruk for kongeleg representasjon og diplomati. For enkelte utfordringar ser det ut for at posisjonen til dei kongelege kan opna elles låste dører.

Nyleg tala Kongen også til folket, om situasjonen me er i med koronaepidemien. Det er viktig at Kongen er på ballen i slike situasjonar og understrekar alvoret, og det vert alvor, for Kongen talar ikkje til folket i tide og utide.

Eg er imponert over det aktivitetsnivået kongeparet held, dei diplomatiske oppdraga dei utfører og den presisjonen på kva som skal kommuniserast til kva tid. Det er også ein vel så stor kunst å vita når ein skal teia og kva tid ein skal tala.

Det er forståeleg at helsa til kongen ikkje er heilt i 100 når ein er 80 år. Sjølv ligg eg vel så 10 år bak kongen i alder, og eg har skifta begge hoftene, fått opna brystet to gongar, og er tråkla saman med ståltråd. Det pip i sikkerheitskontrollen, kan eg fortelja. Det har hendt meir enn ein gong at eg ser kongen koma gåande i fjernsynsruta, og kjenner meg att på ganglaget. Eg tenkjer at dersom eg har den helsa og vert 80, skal eg vera nøgd.

Annonse

Det er også ein vel så stor stor kunst å vita når ein skal teia og kva tid ein skal tala.

Så er det vel slik at når ein er i ungdomsfasen i livet og vidare på veg inn i vaksen alder, er oppteken av å finna ektemake, stifta familie, byggje hus og liknande, og ikkje tenkjer så mykje på kongefamilien. Med alderen kjem det meir med kultur, tradisjonar, historie og kva som er viktige verdiar å ta vare på.

Som leiar i Bondelaget var eg på mange møte og reiser rundt om i landet. Ein av turane var ein rundtur i Møre og Romsdal, der eit av besøka var på eit gardsbruk som vart råka hardt av stormen på nittitalet. Gardbrukaren var raskt framme med å fortelja at dei hadde besøk av sjølvaste kongen rett etter stormen.

Eg sat vel med inntrykk av at denne spirrevippen av ein bondeleiar som kom på vitjing var ikkje det store for han som hadde hatt kongeleg vitjing. Bilete av hendinga hadde han også. Eg forstår veldig godt at Kongen sin besøkstur etter stormen vermde dei som var råka.

Eg har som tillitsvalt i Bondelaget hatt gleda av å helsa på Kongeparet ved fleire høve. Under «Grüne Woche» i Berlin eit år heldt kongeparet eit føredrag om Noreg. Det var dronninga som heldt innlegget, og ho synte fram bilete med fotturar frå norsk natur som dronninga hadde delteke på. Det var ein fantastisk reklame for Noreg. Etterpå fekk me handhelse på kongeparet og utveksle korte helsingar med dei. Eg hadde lagt merke til eit bilete av Kongen der han var på laksefiske på Jæren, ein tur han årleg brukar å gjennomføre. Då det vart min tur til å helsa på, drista eg meg til å kommentera at kongen såg ut til å trivast best med fiskestonga. Kongen hadde glimt i auga då han humra til kommentaren.

Eg var også invitert til regjeringas feiring av 100-års dagen for den kongelege familiens ankomst til Noreg, som fann stad på Akershus Slott i november 2005. Det var gildt å få oppleva dette, sjølv om eg er som jærbuar flest ikkje er noko glad i slike minglingar i store forsamlingar, me likar betre å snakka når ein har ein bodskap som må ut. Det er også den einaste festlegheita eg har vorte heimkøyrd av politiet.

Det var ikkje så gale som det høyrest ut. Sanninga var at då eg skulle forlata festen, skulle også politimeisteren det same, og han baud på skyss.

Når me ser og høyrer på presidentar og andre i tilsvarande posisjonar har me eit kongepar som me kan væra stolte av. Kongeparet tek vare på norske tradisjonar og tilpassar seg tida som me lever i. Arven etter kong Olav på t-banen er teken godt vare på og eg håpar den vert vidareført.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Støre ser til egenproduksjon etter koronakrisen